Gå til forsiden

Evangeliet etter Lukas

12

Modig vedkjenning

1 I mellomtida hadde folket samla seg i tusental, så dei heldt på å trø kvarandre ned. Då tok Jesus til å tala, og han vende seg først til læresveinane:

«Ta dykk i vare for surdeigen til farisearane, hykleriet deira! 2 Ingenting er gøymt som ikkje skal fram i dagen, og ingenting er løynt som ikkje skal bli kjent. 3 Difor skal det de seier i mørkret, bli høyrt i lyset, og det de kviskrar i einerom, skal ropast ut frå hustaka.

4 Men til dykk, venene mine, seier eg: Ver ikkje redde dei som slår i hel kroppen, men sidan ikkje kan gjera meir. 5 Eg skal visa dykk kven de skal frykta: De skal frykta han som kan slå i hel og sidan har makt til å kasta i helvete. Ja, seier eg dykk, han skal de frykta! 6 Blir ikkje fem sporvar selde for eit par skilling? Og ikkje ein av dei er gløymd hos Gud. 7 Ja, kvart hårstrå på hovudet dykkar er talt. Ver ikkje redde! De er meir verde enn mange sporvar.

8 Det seier eg dykk: Kvar den som kjennest ved meg for menneska, skal òg Menneskesonen kjennast ved for Guds englar. 9 Men den som fornektar meg for menneska, han skal òg bli fornekta for Guds englar. 10 Og kvar den som seier eit ord mot Menneskesonen, skal få tilgjeving. Men den som spottar Den heilage ande, får ikkje tilgjeving. 11 Når de må svara for dykk i synagogane og for dei som styrer og rår, ver då ikkje redde for korleis de skal forsvara dykk, eller kva de skal seia. 12 For Den heilage ande skal læra dykk i same stund kva som må seiast.»

Likninga om den rike bonden

13 Ein i folkehopen sa til han: «Meister, sei til bror min at han skal skifta arven med meg!» 14 Men Jesus svara: «Ven, kven har sett meg til å dømma eller skifta mellom dykk?» 15 Så sa han til dei alle: «Ta dykk i vare for lysta til alltid å eiga meir! For det er ikkje det du eig, som gjev deg livet, om du har aldri så mykje.»

16 Og han fortalde dei ei likning:

«Det var ein rik mann. Jorda hans hadde bore god grøde, 17 og han tenkte med seg: ‘Kva skal eg gjera? Eg har ikkje rom til grøda mi. 18 Jau, slik vil eg gjera: Eg vil riva ned uthusa mine og byggja dei større, og der vil eg samla kornet og alt eg elles eig. 19 Og så vil eg seia til meg sjølv: No har du mykje godt liggjande, nok for mange år. Unn deg ro, mi sjel, et, drikk og ver glad!’ 20 Men Gud sa til han: ‘Uvituge menneske! I denne natt blir sjela di kravd tilbake. Kven skal då ha det du har samla?’

21 Slik går det med den som samlar skattar til seg sjølv og ikkje er rik i Gud.»

Ver ikkje urolege

22 Han sa til læresveinane:

«Difor seier eg dykk: Ver ikkje urolege for livet, kva de skal eta, eller for kroppen, kva de skal kle dykk med. 23 Livet er meir enn maten og kroppen meir enn kleda. 24 Sjå på ramnane! Dei sår ikkje og haustar ikkje, dei har verken matbu eller låve, men Gud før dei likevel. Kor mykje meir er ikkje de enn fuglane! 25 Kven av dykk kan med all si uro leggja ei alen til si livslengd? 26 Når de ikkje eingong maktar så lite, kvifor er de då urolege for alt det andre? 27 Sjå på liljene, korleis dei veks! Dei strevar ikkje og spinn ikkje, men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei. 28 Når Gud kler graset så fint, det som veks på marka i dag og blir kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk – de lite truande! 29 Ver ikkje urolege, og tenk ikkje heile tida på kva de skal eta og kva de skal drikka. 30 For alt dette er heidningane i verda opptekne av. Men Far dykkar veit at de treng dette. 31 Søk heller hans rike, så skal de få dette i tillegg. 32 Ver ikkje redd, du vesle flokk! For det er Far dykkars gode vilje å gje dykk riket.

33 Sel det de eig, og gjev gåver til dei fattige. Få dykk pengepungar som ikkje kan slitast ut, ein uforgjengeleg skatt i himmelen, der tjuvar ikkje kjem til og møll ikkje øydelegg. 34 For der skatten dykkar er, vil hjartet dykkar òg vera.

Ver førebudde når Menneskesonen kjem

35 Spenn beltet om livet og lat lampene brenna! 36 Ver lik tenarar som ventar herren sin heim frå bryllaupsfest og står ferdige til å opna så snart han kjem og bankar på. 37 Lukkelege er dei tenarane som herren finn vakne når han kjem! Sanneleg, eg seier dykk: Han skal binda opp kjortelen, føra dei til bords og sjølv gå fram og tena dei. 38 Ja, lukkelege er dei som han finn vakne, sjølv om han ikkje kjem før i andre eller tredje nattevakta!

39 Men det skal de vita: Dersom husherren visste kva time tjuven kom, ville han ikkje la han bryta seg inn i huset. 40 Så ver førebudde, de òg! For Menneskesonen kjem i ein time de ikkje ventar det.»

41 Då spurde Peter: «Herre, er det oss du siktar til med denne likninga, eller gjeld ho for alle?» 42 Herren svara:

«Kven er den trufaste og kloke hushaldaren, den som herren set over tenestefolket sitt så han skal gje dei mat i rette tid? 43 Lukkeleg er den tenaren som herren finn i arbeid med dette når han kjem tilbake! 44 Sanneleg, eg seier dykk: Herren skal setja han over alt det han eig. 45 Men set at tenaren seier med seg: ‘Det tek nok endå ei stund før herren min kjem’, og han så tek til å slå tenestegutane og tenestejentene og eta og drikka til han blir full. 46 Då skal herren hans koma ein dag han ikkje ventar og ein time han ikkje veit om, og hogga han ned og la han få dela lagnad med dei vantruande. 47 Den tenaren som veit kva herren hans vil, og likevel ikkje steller i stand eller gjer det herren vil, han skal få mange slag. 48 Men den som ikkje veit det og gjer det som fortener slag, han skal sleppa med færre. Den som mykje har fått, av han blir det venta mykje. Og den som mykje er tiltrudd, av han skal det krevjast dess meir.

Ikkje fred, men strid

49 Eg er komen for å kasta eld på jorda. Kor gjerne eg ville at brannen alt var tend! 50 Ein dåp må eg døypast med. Kor det tyngjer meg til han er fullført! 51 Trur de eg er komen for å skapa fred på jorda? Nei, seier eg, ikkje fred, men strid. 52 Er det fem i ein heim, skal dei heretter liggja i strid med kvarandre: tre mot to og to mot tre, 53 far skal stå mot son og son mot far, mor mot dotter og dotter mot mor, svigermor mot svigerdotter og svigerdotter mot svigermor.»

Å tyda tida

54 Til folket sa han:

«Når de ser at det skyar til i vest, seier de straks: ‘No kjem det regn’, og det går slik. 55 Og når de merkar at det blæs frå sør, seier de: ‘No blir det varmt’, og det går slik. 56 Hyklarar! Det de ser på jorda og himmelen, veit de å tyda. Kvifor kan de ikkje då tyda denne tida?

57 Og kvifor dømmer de ikkje ut frå dykk sjølve om kva som er rett? 58 Når du går til domstolen med motparten din, skal du gjera det du kan for å bli samd med han medan de enno er på vegen. Elles dreg han deg for dommaren, og dommaren sender deg til innkrevjaren, og innkrevjaren kastar deg i fengsel. 59 Eg seier deg: Du slepp ikkje ut att før du har betalt til siste øre.»

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.