Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Evangeliet etter Lukas

Førebuinga til Jesu gjerning

Luk 3,1–4,133

Døyparen Johannes står fram

1 Det var i det femtande styringsåret til keisar Tiberius. Pontius Pilatus var landshovding i Judea, Herodes var landsfyrste i Galilea, Filip, bror hans, i Iturea og Trakonitis, Lysanias i Abilene, 2 og Annas og Kaifas var øvsteprestar. Då kom Guds ord til Johannes, son til Sakarja, i øydemarka. 3 Og han drog omkring i heile Jordan-landet og forkynte ein omvendingsdåp som gav tilgjeving for syndene, 4 slik som det står skrive i boka med profeten Jesajas ord:

Ei røyst ropar i øydemarka:

Rydd Herrens veg,

gjer stigane hans rette!

5 Kvar dal skal fyllast,

kvart fjell og kvar haug skal jamnast ut.

Dei krokete vegane skal bli rette,

dei steinete stigane bli slette.

6 Og alle menneske skal sjå Guds frelse.

7 I flokk og følgje drog folk ut for å bli døypte av Johannes, og han sa til dei: «Ormeyngel! Kven har lært dykk korleis de skal sleppa unna den vreiden som skal koma? 8 Så ber då frukt som viser at de er omvende! Prøv ikkje å seia til dykk sjølve: ‘Vi har Abraham til far.’ For eg seier dykk: Gud kan vekkja opp born for Abraham av desse steinane. 9 Øksa ligg alt innmed rota på trea; kvart tre som ikkje ber god frukt, blir hogge ned og kasta på elden.»

10 «Kva skal vi då gjera?» spurde folket. 11 Han svara: «Den som har to kjortlar, skal dela med den som ingen har, og den som har mat, skal gjera det same.» 12 Det kom òg nokre tollarar og ville bli døypte. Dei spurde: «Meister, kva skal vi gjera?» 13 «Krev ikkje inn meir enn det som er fastsett», svara han. 14 «Og vi, kva skal vi gjera?» spurde nokre soldatar. Han svara: «Truga ikkje pengar frå nokon med vald eller falske skuldingar, men ver fornøgde med løna dykkar.»

15 Folket gjekk no i venting, og alle tenkte i sitt hjarte: Tru om Johannes kan vera Messias? 16 Då tok han til orde og sa til dei alle: «Eg døyper dykk med vatn. Men det kjem ein som er sterkare enn eg, og eg er ikkje eingong verdig til å løysa sandalreima hans. Han skal døypa dykk med Den heilage ande og eld. 17 Han har kasteskovla i handa for å reinsa kornet på treskjeplassen. Kveiten skal han samla i låven sin, men agnene skal han brenna med eld som aldri sloknar.»

18 Dette og mykje anna la han folket på hjartet når han forkynte bodskapen for dei. 19 Men då han refsa landsfyrsten Herodes fordi han levde med Herodias, brorkona si, og gjorde mykje anna vondt, 20 la Herodes ei ny ugjerning til alle dei andre: Han kasta Johannes i fengsel.

Jesus blir døypt

21 Alt folket lét seg no døypa, og Jesus vart òg døypt. Medan han bad, opna himmelen seg, 22 og Den heilage ande dala ned over han i skapnad av ei due. Og det kom ei røyst frå himmelen: «Du er Son min, som eg elskar, i deg har eg mi glede.»

Jesu ættetavle

23 Jesus var omkring tretti år gammal då han tok til med si gjerning. Han vart halden for å vera son til Josef, som var son til Eli, 24 son til Mattat, son til Levi, son til Melki, son til Jannai, son til Josef, 25 son til Mattatja, son til Amos, son til Nahum, son til Esli, son til Naggai, 26 son til Maat, son til Mattatja, son til Sjimi, son til Josek, son til Joda, 27 son til Johanan, son til Resa, son til Serubabel, son til Sjealtiel, son til Neri, 28 son til Melki, son til Addi, son til Kosam, son til Elmadam, son til Er, 29 son til Josva, son til Elieser, son til Jorim, son til Mattat, son til Levi, 30 son til Simeon, son til Juda, son til Josef, son til Jonam, son til Eljakim, 31 son til Melea, son til Menna, son til Mattata, son til Natan, son til David, 32 son til Isai, son til Obed, son til Boas, son til Salma, son til Nahsjon, 33 son til Amminadab, son til Admin, son til Arni, son til Hesron, son til Peres, son til Juda, 34 son til Jakob, son til Isak, son til Abraham, son til Tarah, son til Nahor, 35 son til Serug, son til Re'u, son til Peleg, son til Eber, son til Sjelah, 36 son til Kenan, son til Arpaksjad, son til Sem, son til Noah, son til Lamek, 37 son til Metusjalah, son til Henok, son til Jared, son til Mahalalel, son til Kenan, 38 son til Enosj, son til Set, son til Adam, son til Gud.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.