Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Evangeliet etter Lukas

8

Kvinner som følgde Jesus

1 I tida som no kom, drog Jesus omkring og forkynte i byar og landsbyar og bar fram den gode bodskapen om Guds rike. Dei tolv var med han, 2 og nokre kvinner som hadde vorte lækte for vonde ånder og sjukdomar. Det var Maria med tilnamnet Magdalena, som sju vonde ånder hadde fare ut av, 3 Johanna, som var gift med Kusa, ein forvaltar hos Herodes, og Susanna og mange andre. Med alt det dei eigde, tente dei Jesus og dei tolv.

Likninga om såmannen

4 Mykje folk strøymde no saman frå alle byane rundt omkring. Då ei stor folkemengd hadde samla seg om han, fortalde han dei ei likning:

5 «Ein såmann gjekk ut for å så kornet sitt. Og då han sådde, fall noko attmed vegen. Det vart nedtrakka, og fuglane under himmelen kom og åt det opp. 6 Noko fall på steingrunn, og det visna med same det kom opp, fordi det ikkje fekk væte. 7 Noko fall mellom klunger, og klungeren voks opp saman med kornet og kvelte det. 8 Men noko fall i god jord, og det voks opp og gav grøde, heile hundre gonger det som vart sådd.» Då han hadde sagt dette, ropa han ut: «Den som har øyre å høyra med, høyr!»

9 Sidan spurde læresveinane han kva denne likninga skulle tyda. 10 Han svara: «Dykk er det gjeve å kjenna løyndomane om Guds rike. Men dei andre får det i likningar, for at dei skal

sjå, men ikkje sjå,

og høyra, men ikkje skjøna.

11 Likninga tyder: Såkornet er Guds ord. 12 Dei attmed vegen er dei som høyrer ordet; men så kjem djevelen og tek det bort frå hjartet deira, så dei ikkje skal tru og bli frelste. 13 Dei på steingrunn er dei som tek imot ordet med glede når dei høyrer det. Men dei har ikkje rot; dei trur ei tid, og når dei blir sette på prøve, fell dei frå. 14 Det som fall mellom klunger, er dei som vel høyrer ordet, men som på vegen gjennom livet blir kvelte av sorger og rikdom og nytingar så dei ikkje ber fullmogen grøde. 15 Men det i den gode jorda, det er dei som høyrer ordet og tek vare på det i eit fint og godt hjarte, held ut og ber grøde.

Likninga om oljelampa

16 Ingen tenner ei oljelampe og gøymer henne under ei krukke eller set henne under ei seng; nei, han set lampa på ein haldar, så dei som kjem inn, kan sjå lyset. 17 For ingenting er løynt som ikkje skal bli synleg, og ingenting er gøymt som ikkje skal bli kjent og koma for dagen. 18 Akta vel på korleis de høyrer! For den som har, skal få. Men den som ikkje har, skal mista jamvel det han trur han har.»

Jesu sanne skyldfolk

19 Mor hans og syskena hans kom og ville møta han, men dei slapp ikkje fram for folkemengda. 20 Då var det nokon som sa til han: «Mor di og syskena dine står utanfor og vil treffa deg.» 21 Men han svara: «Mor mi og syskena mine, det er dei som høyrer Guds ord og gjer etter det.»

Jesus stiller stormen

22 Ein dag steig han ut i ein båt saman med læresveinane. «Lat oss fara over til andre sida av sjøen», sa han. Så la dei utpå, 23 og medan dei var ute på sjøen, sovna han. Då kom det ein kvervelstorm kastande over sjøen, båten heldt på å gå full av vatn, og dei var i stor fare. 24 Dei gjekk bort til han og vekte han og sa: «Meister, meister, vi går under!» Jesus reiste seg opp og truga vinden og bølgjene så dei la seg, og det vart blikande stilt. 25 Han sa til dei: «Kvar er trua dykkar?» Men dei var fulle av otte og undring og sa seg imellom: «Kven er han? Han byd både vind og sjø, og dei lyder han!»

Mannen frå gravhòlene

26 No kom dei inn til Gerasenar-landet, som ligg midt imot Galilea. 27 Då han gjekk i land, kom ein mann frå byen der mot han. Han hadde vonde ånder i seg. I lang tid hadde han ikkje hatt klede på kroppen, og han budde ikkje i hus, men heldt til i gravhòlene. 28 Då han fekk sjå Jesus, sette han i å ropa, kasta seg ned for han og skreik høgt: «Kva vil du meg, Jesus, du Son av Gud, Den høgste? Eg bed deg at du ikkje må pina meg!» 29 – For Jesus hadde bode den ureine ånda å fara ut av mannen. Ho hadde hatt makt over han i lange tider. Ofte hadde dei bunde han med lenkjer og fotjern og halde vakt over han, men han sleit banda og vart driven ut i øydemarka av den vonde ånda. – 30 «Kva er namnet ditt?» spurde Jesus. «Legion», svara han, for det var mange vonde ånder som hadde fare inn i han. 31 Og dei bad Jesus at han ikkje måtte by dei å fara ned i avgrunnen.

32 No gjekk det ein stor griseflokk og beitte der på fjellet, og dei vonde åndene bad om å få fara inn i grisene. Det gav han dei lov til. 33 Då fór dei vonde åndene ut av mannen og inn i grisene, og flokken sette utfor stupet og ned i sjøen og drukna. 34 Men då dei som gjette grisene, såg det som var hendt, sprang dei av stad og fortalde det inne i byen og ute på landet. 35 Og folk drog ut og ville sjå kva som var hendt. Då dei kom fram til Jesus, fann dei mannen som dei vonde åndene hadde fare ut av. Han sat ved Jesu føter, påkledd og med sitt fulle vit. Då vart dei redde. 36 Men dei som hadde sett på, fortalde korleis han som hadde hatt dei vonde åndene, vart frisk att. 37 Då bad heile folkemengda frå Gerasenar-bygdene at Jesus måtte fara bort ifrå dei, for dei var tekne av stor redsle. Og han gjekk i båten og fór attende. 38 Mannen som dei vonde åndene hadde fare ut av, bad om å få vera med han. Men Jesus sende han bort og sa: 39 «Gå heim og fortel kor store ting Gud har gjort mot deg.» Så gjekk han av stad og forkynte i heile byen kva Jesus hadde gjort for han.

Dotter til Jairus og kvinna som rørte ved Jesu kappe

40 Då Jesus vende attende, stod folkemengda og tok imot han, for alle hadde venta på han. 41 Ein mann som heitte Jairus, kom fram; han var forstandar for synagogen. Han kasta seg ned for føtene til Jesus og bad han inderleg om å koma heim til seg. 42 For einaste dotter hans, som var om lag tolv år gammal, låg for døden. Då Jesus gjekk dit, trengde folk seg innpå han frå alle kantar.

43 Det var ei kvinne der som hadde hatt blødingar i tolv år. *Alt ho eigde, hadde ho brukt på legar,• men ingen hadde greidd å gjera henne frisk. 44 Ho nærma seg Jesus bakanfrå og rørte ved dusken på kappefliken hans, og med ein gong stansa blodet. 45 «Kven var det som rørte ved meg?» spurde Jesus. Ingen ville svara. Då sa Peter: «Meister, folk trykkjer og trengjer seg innpå deg frå alle kantar.» 46 Men Jesus sa: «Det var einkvan som rørte ved meg, for eg kjende at det gjekk ei kraft ut ifrå meg.» 47 Då kvinna skjøna at det ikkje kunne løynast, kom ho skjelvande fram. Ho kasta seg ned for han og fortalde, medan heile folket høyrde på, kvifor ho hadde rørt ved han, og korleis ho hadde vorte frisk med det same. 48 Då sa Jesus til henne: «Trua di har frelst deg, dotter. Gå i fred!»

49 Før han hadde tala ut, kom det ein frå huset til synagogeforstandaren og sa: «Dotter di er død. Bry ikkje meisteren lenger.» 50 Jesus høyrde det, men sa til faren: «Ver ikkje redd, berre tru, så skal ho bli berga.» 51 Då han kom fram til huset, lét han ingen andre vera med inn enn Peter, Johannes og Jakob og far og mor til barnet. 52 Alle gret og jamra over henne. Men han sa: «Gråt ikkje! Ho er ikkje død, ho søv.» 53 Dei berre lo av han, for dei visste at ho var død. 54 Men han tok henne i handa og ropa: «Barnet mitt, stå opp!» 55 Då vende livsanden hennar attende, og ho reiste seg opp med ein gong. Og han sa at dei skulle gje henne mat. 56 Foreldra var reint ifrå seg av undring. Men Jesus forbaud dei å tala til nokon om det som hadde hendt.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.