Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Evangeliet etter Matteus

22

Likninga om bryllaupet for kongssonen

1 Så tok Jesus til orde att og tala til dei i likningar: 2 «Himmelriket kan liknast med ein konge som skulle halda bryllaup for son sin. 3 Han sende ut tenarane sine for å kalla dei innbedne til bryllaupet. Men dei ville ikkje koma. 4 Då sende han ut andre tenarar og sa: ‘Sei til dei innbedne: Festmåltidet har eg stelt til, oksane mine og gjøkalvane er slakta, og alt er ferdig. Kom til bryllaupet!’ 5 Men dei brydde seg ikkje om det; ein gjekk ut på åkeren sin og ein annan til handelen sin. 6 Dei andre greip tenarane hans, mishandla dei og slo dei i hel. 7 Då vart kongen sint. Han sende ut troppane sine og gjorde ende på desse mordarane og brende byen deira. 8 Så sa han til tenarane: ‘Alt er ferdig til bryllaupet, men dei bedne var ikkje verdige. 9 Gå difor ut på vegskilja og be til bryllaups alle de finn.’ 10 Så gjekk tenarane ut på vegane og bad i hop alle dei fann, både vonde og gode, og bryllaupssalen vart full av gjester.

11 Då kongen kom inn for å sjå til gjestene, fekk han auge på ein som ikkje var bryllaupskledd. 12 Kongen seier til han: ‘Ven, korleis er du komen inn her utan bryllaupsklede?’ Men han tagde. 13 Då sa kongen til tenarane: ‘Bind hendene og føtene hans og kast han ut i mørkret utanfor, der dei græt og skjer tenner!’ 14 For mange er kalla, men få er utvalde.»

Er det rett å svara skatt til keisaren?

15 Då gjekk farisearane bort og vart samde om at dei ville fanga han i ord. 16 Dei sende læresveinane sine til han i lag med nokre herodianarar og lét dei seia: «Meister, vi veit at du alltid held deg til sanninga og lærer sant om Guds veg. Du bryr deg ikkje om kva andre meiner, for du gjer ikkje skilnad på folk. 17 Sei oss kva du meiner: Er det rett å svara skatt til keisaren, eller er det ikkje?» 18 Men Jesus merka vondskapen og sa: «De hyklarar, kvifor set de meg på prøve? 19 Vis meg mynten som skatten skal betalast med!» Dei gav han ein denar. 20 «Kven har biletet og namnet sitt her?» spurde han. 21 «Keisaren», svara dei. Då sa han til dei: «Så gjev då keisaren det som høyrer keisaren til, og Gud det som høyrer Gud til.» 22 Då dei høyrde det, undra dei seg, og dei lét han vera og gjekk sin veg.

Oppstoda frå dei døde

23 Same dagen kom det nokre saddukearar til Jesus; det er dei som seier at dei døde ikkje skal stå opp. Og dei la fram for han dette spørsmålet: 24 «Meister, Moses har sagt: ‘Om ein mann døyr barnlaus, skal bror hans gifta seg med enkja og halda oppe ætta til bror sin.25 No var det ein gong sju brør hos oss. Den eine gifte seg, men døydde ei tid etter; han hadde ikkje born og lét etter seg kona si til broren. 26 Det same hende med den andre og den tredje, ja, med alle sju. 27 Sist av alle døydde kvinna. 28 Når dei så står opp att, kven av dei sju skal då ha henne til kone? Alle har då vore gifte med henne.»

29 Jesus svara: «De er på ville vegar fordi de ikkje kjenner skriftene og heller ikkje Guds makt. 30 For etter oppstoda er det ingen som gifter seg eller blir bortgifte; nei, dei er som englane i himmelen. 31 Men om oppstoda frå dei døde, har de ikkje lese kva Gud har tala til dykk når han seier: 32 Eg er Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud!’ Han er ikkje ein Gud for døde, men for levande.» 33 Då folket høyrde dette, vart dei fulle av undring over læra hans.

Dei to store boda

34 Då farisearane fekk høyra at Jesus hadde fått saddukearane til å teia, kom dei saman. 35 Og ein av dei, ein lovkunnig, ville setja han på prøve og spurde: 36 «Meister, kva bod er det største i lova?» 37 Han svara: «‘Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av alt ditt vit.38 Dette er det største og første bodet. 39 Men det andre er like stort: ‘Du skal elska nesten din som deg sjølv.40 På desse to boda kviler heile lova og profetane.»

David og Messias

41 Medan farisearane var samla, spurde Jesus dei: 42 «Kva meiner de om Messias? Kven er han son til?» «David», svara dei. 43 Jesus sa: «Korleis kan då David ved Anden kalla han herre når han seier:

44 Herren sa til min herre:

Set deg ved mi høgre hand

til eg får lagt dine fiendar

under dine føter.

45 Om no David kallar han herre, korleis kan han då vera Davids son?» 46 Men ingen kunne svara han eit ord. Og frå den dagen våga ikkje nokon å spørja han meir.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.