Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Matteus

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28
Se film

Les mer om BibleProject.

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Jesus blir freista
4Sidan førte Anden Jesus ut i øydemarka for at djevelen skulle freista han.  2 Han fasta i førti dagar og førti netter, og til slutt tok svolten han.  3 Då kom freistaren til han og sa: «Er du Guds Son, så sei at desse steinane skal bli til brød!»  4 Jesus svara: «Det står skrive:
           Mennesket lever ikkje av brød åleine,
           men av kvart ord som går ut frå Guds munn.»
 5 Då tok djevelen han med seg til den heilage byen, sette han ytst på tempelmuren  6 og sa: «Er du Guds Son, så kast deg utføre! For det står skrive:
           Han skal gje englane sine påbod om deg.
Og:
           Dei skal bera deg på hendene
           så du ikkje støyter foten på nokon stein.»
 7 Men Jesus sa til han: «Det står òg skrive:
           Du skal ikkje setja Herren din Gud på prøve.»
 8 Så tok djevelen han med seg opp på eit svært høgt fjell og synte han alle rika i verda og deira herlegdom  9 og sa: «Alt dette vil eg gje deg om du fell ned og tilbed meg.» 10 Men Jesus sa til han: «Vekk med deg, Satan! For det står skrive:
           Herren din Gud skal du tilbe,
           han og ingen annan skal du tena.»
11 Då gjekk djevelen frå han, og sjå, englar kom og tente han.
Jesus tek til med si gjerning
12 Då Jesus fekk høyra at Johannes var sett i fengsel, drog han tilbake til Galilea. 13 Han flytte frå Nasaret og busette seg i Kapernaum, ved sjøen, i Sebulons og Naftalis land. 14 Slik skulle det oppfyllast, det som er tala gjennom profeten Jesaja:
          
   
15  Sebulons og Naftalis land,
           ved vegen til havet,
           bortanfor Jordan,
           heidningars Galilea,
          
   
16  det folket som bur i mørker,
           har sett eit stort lys,
           over dei som bur i dødsskuggens land,
           har lyset stråla fram.
17 Frå den tid tok Jesus til å forkynna: «Vend om, for himmelriket er kome nær!»
Dei første læresveinane
18 Ein gong han gjekk langsmed Galileasjøen, fekk han sjå to brør: Simon, som blir kalla Peter, og Andreas, bror hans. Dei heldt på å kasta ei not i sjøen, for dei var fiskarar. 19 Han sa til dei: «Kom, følg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar!» 20 Med ein gong gjekk dei ifrå garna sine og følgde han.
   
21 Då Jesus kom lenger fram, fekk han sjå to andre brør: Jakob, son til Sebedeus, og Johannes, bror hans. Dei sat i båten saman med Sebedeus, far sin, og bøtte garna. Jesus kalla dei, 22 og med ein gong gjekk dei bort frå båten og far sin og følgde han.
Jesus forkynner og lækjer
23 Sidan fór Jesus omkring i heile Galilea; han underviste i synagogane deira, forkynte evangeliet om riket og lækte all sjukdom og plage hos folket.
   
24 Ordet om han spreidde seg over heile Syria, og dei kom til han med alle som hadde vondt og leid av ulike sjukdomar og plager, både dei som hadde vonde ånder, dei månesjuke og dei lamme, og han lækte dei. 25 Ei stor folkemengd følgde han, frå Galilea og Dekapolis, frå Jerusalem og Judea og frå bygdene bortanfor Jordan.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

05. desember 2022

Dagens bibelord

Jesaja 2,2–5

Les i nettbibelen

2I de siste dager skal det skje at Herrens tempelberg skal stå urokkelig som det høyeste av fjellene og rage over høydene. Dit skal alle folkeslag strømme. ... Vis hele teksten

2I de siste dager skal det skje at Herrens tempelberg skal stå urokkelig som det høyeste av fjellene og rage over høydene. Dit skal alle folkeslag strømme. 3Mange folk skal dra av sted og si: «Kom, la oss gå opp til Herrens fjell, til Jakobs Guds hus, så han kan lære oss sine veier og vi kan ferdes på hans stier. For lov skal gå ut fra Sion, Herrens ord fra Jerusalem.» 4Han skal dømme mellom folkeslag og skifte rett for mange folk. De skal smi sverdene om til plogskjær og spydene til vingårdskniver. Folk skal ikke løfte sverd mot folk, ikke lenger læres opp til krig. 5Kom, Jakobs hus, la oss vandre i Herrens lys!

Dagens bibelord

Jesaja 2,2–5

Les i nettbibelen

2I dei siste dagar skal det skje at Herrens tempelberg skal stå urokkeleg som det høgaste av fjella og raga over høgdene. Dit skal alle folkeslag strøyma. ... Vis hele teksten

2I dei siste dagar skal det skje at Herrens tempelberg skal stå urokkeleg som det høgaste av fjella og raga over høgdene. Dit skal alle folkeslag strøyma. 3Mange folk skal dra av stad og seia: «Kom, lat oss gå opp til Herrens fjell, til huset åt Jakobs Gud, så han kan læra oss sine vegar og vi kan ferdast på hans stigar. For lov skal gå ut frå Sion, Herrens ord frå Jerusalem.» 4Han skal dømma mellom folkeslag og skifta rett for mange folk. Dei skal smi sverda om til plogskjer og spyda til vingardsknivar. Folk skal ikkje lyfta sverd mot folk, ikkje lenger lærast opp til krig. 5Kom, Jakobs hus, lat oss vandra i Herrens lys!

Dagens bibelord

Jesaja 2,2–5

Les i nettbibelen

2Boahtá áigi goas Hearrá tempelvárri čuožžu nanusin, váriin alimussan, alážiin bajimussan, ja álbmogat márret dohko, ... Vis hele teksten

2Boahtá áigi goas Hearrá tempelvárri čuožžu nanusin, váriin alimussan, alážiin bajimussan, ja álbmogat márret dohko, 3Eatnat olbmuid čearddat johttájit ja dadjet: “Bohtet, vulgot Hearrá várrái, Jakoba Ipmila vissui. Son oahpista midjiide geainnuidis, mii dáhttut vádjolit su bálgáid, danin go Hearrá láhka vuolgá Sionis, Hearrá sátni Jerusalemis.” 4Son dubme álbmogiid, cealká duomu eatnat olbmuid čearddaide. Sii dáhkot mihkiideaset plogaávjun ja sáittiideaset viidnegárdeniibin. Álbmot ii šat lokte miehki álbmoga vuostá, dat eai šat oahpahala soahtat. 5Jakoba mánát, bohtet, vádjolehkot Hearrá čuovggas!