Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Mika

6

Kva Herren krev

1 Høyr kva Herren seier:

Reis deg, før di sak for fjella,

lat haugane høyra di røyst!

2 Høyr Herrens klage, de fjell

og de faste grunnvollar på jorda!

For Herren klagar sitt folk,

han går i rette med Israel.


3 Mitt folk, kva har eg gjort deg?

Kva har eg trøytta deg med?

Svar meg!

4 For eg førte deg opp frå Egypt

og fria deg ut frå slavehuset.

Eg sende Moses, Aron og Mirjam

i spissen for deg.

5 Mitt folk, hugs

planane kong Balak av Moab hadde,

og svaret han fekk av Bileam, son til Beor,

på vegen frå Sjittim til Gilgal,

så du kan skjøna

Herrens frelsesgjerningar.


6 Kva skal eg koma fram for Herren med

når eg bøyer meg for Gud i det høge?

Skal eg koma til han med brennoffer,

med årsgamle kalvar?

7 Bryr Herren seg om tusenvis av vêrar,

titusenvis av oljebekker?

Skal eg ofra min førstefødde for mitt brot,

mi livsfrukt for mi sjels synd?


8 Han har kunngjort for deg, menneske,

kva godt er.

Og kva krev Herren av deg?

Berre at du gjer rett,

viser trufast kjærleik

og vandrar audmjukt med din Gud.

Dommen over Jerusalem

9  Herrens røyst ropar til byen,

og det er visdom å frykta ditt namn.

Høyr, du stamme og forsamling!

10 Finst framleis urettens skattar i huset til den urettferdige

og eit forfalska, forbanna efa-mål?

11 Kan eg vera rein

med urett vekt

og falske vektlodd i pungen?


12 Dei rike i byen øver vald,

innbyggjarane der fer med løgn,

ei svikefull tunge har dei i munnen.

13 Så skal då eg òg byrja å slå deg,

øydeleggja deg for dine synder.

14 Du skal eta og ikkje bli mett,

tom skal du kjenna deg.

Den du tek til side, kan du likevel ikkje berga,

og den du bergar, gjev eg til sverdet.

15 Du skal så, men ikkje hausta,

pressa oliven, men ikkje salva deg med olje,

pressa druer, men ikkje drikka ny vin.

16 Du har halde Omris forskrifter

og handla som Ahabs hus.

Etter deira råd har de vandra.

Difor skal eg overgje deg til øydelegging

og innbyggjarane dine til spott.

Vanæra til folket mitt må de bera.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.