Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Evangeliet etter Markus

Jesus kjem til Jerusalem

Mark Kap. 11–1211

Jesus rid inn i Jerusalem

1 Då dei nærma seg Jerusalem og var komne til Betfage og Betania ved Oljeberget, sende Jesus to av læresveinane i veg 2 og sa til dei: «Gå bort i den landsbyen som ligg framfor dykk! Straks de kjem inn der, finn de ein eselfole som står bunden, og som det aldri har sete nokon på. Løys han og kom hit med han. 3 Og er det nokon som spør: ‘Kva er det de gjer?’ skal de svara: ‘Herren har bruk for han og sender han straks tilbake.’»

4 Så gjekk dei og fann folen, som stod bunden ute i gata attmed ei dør, og dei løyste han. 5 Nokre av dei som stod der, sa til dei: «Kva er det de gjer? Løyser de folen?» 6 Dei svara så som Jesus hadde sagt, og då fekk dei gå. 7 Så kom dei til Jesus med folen og la kappene sine på han, og Jesus sette seg oppå. 8 Mange breidde kappene sine på vegen, andre strødde friske greiner som dei hadde hogge ute på markene. 9 Både dei som gjekk føre, og dei som følgde etter, ropa:

«Hosianna!

Velsigna er han som kjem i Herrens namn!

10 Velsigna er vår far Davids rike som kjem!

Hosianna i det høgste

11 Han kom inn i Jerusalem og gjekk opp på tempelplassen. Der såg han seg omkring alle stader, men sidan det leid mot kveld, drog han ut til Betania med dei tolv.

Fikentreet som ikkje bar frukt

12 Dagen etter, då dei gjekk frå Betania, vart Jesus svolten. 13 Langt borte såg han eit fikentre med lauv på. Han gjekk dit og ville sjå om han kunne finna noko på det. Men då han kom bortåt, fann han berre lauv, for det var ikkje tid for fiken. 14 Då sa han til treet: «Aldri meir skal nokon eta frukt av deg!» Og læresveinane høyrde det.

Tempelet skal vera eit bønehus

15 Då dei kom til Jerusalem, gjekk Jesus inn på tempelplassen og tok til å driva ut dei som selde og kjøpte der. Han velte borda til pengevekslarane og benkene til dei som selde duer, 16 og han gav ingen lov til å bera noko over tempelplassen. 17 Og han lærte dei: «Står det ikkje skrive:

Mitt hus skal kallast eit bønehus for alle folk?

Men de har gjort det til ei røvarhòle

18 Overprestane og dei skriftlærde fekk høyra dette, og dei freista å finna ei råd til å ta livet av han. For dei var redde han fordi heile folket var overvelda av læra hans.

19 Då det vart kveld, gjekk Jesus og læresveinane ut av byen.

Tru og bøn

20 Tidleg om morgonen gjekk dei forbi fikentreet, og då såg dei at det hadde visna heilt ifrå rota. 21 Peter kom i hug Jesu ord og sa: «Rabbi, sjå fikentreet som du forbanna! Det har visna.» 22 Og Jesus svara dei: «Ha tru til Gud! 23 Sanneleg, eg seier dykk: Om nokon seier til dette fjellet: ‘Lyft deg opp og kast deg i havet!’ og han ikkje har tvil i hjartet, men trur det vil gå som han seier, då skal det gå slik. 24 Difor seier eg dykk: Alt de bed om i bønene dykkar – tru at de har fått det, og de skal få det. 25 Men når de står og bed og har noko å klaga ein annan for, så tilgjev han. Då skal òg Far dykkar i himmelen tilgje dykk misgjerningane dykkar. 26 *Men om de ikkje tilgjev, skal heller ikkje Far dykkar i himmelen tilgje dykkar misgjerningar.•»

Jesu fullmakt

27 Igjen kom dei inn i Jerusalem. Og medan Jesus gjekk omkring på tempelplassen, kom overprestane, dei skriftlærde og dei eldste til han 28 og sa: «Kva rett har du til å gjera dette? Eller kven har gjeve deg fullmakt til å gjera det?» 29 Jesus sa til dei: «Eg har òg eit spørsmål til dykk. Svar meg på det, så skal eg seia dykk kva fullmakt eg har til å gjera dette. 30 Johannes-dåpen, var den frå himmelen eller frå menneske? Svar meg på det!» 31 Dei samrådde seg med kvarandre og sa: «Svarar vi: ‘Frå himmelen’, vil han seia: Kvifor trudde de han då ikkje? 32 Skal vi svara: ‘Frå menneske’?» Men dei var redde folket, for alle meinte at Johannes verkeleg var ein profet. 33 Difor svara dei: «Det veit vi ikkje.» Då sa Jesus til dei: «Så seier heller ikkje eg til dykk kva fullmakt eg har til å gjera dette.»

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.