Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Evangeliet etter Markus

16

Jesus står opp

1 Då sabbaten var til ende, kjøpte Maria Magdalena og Maria, mor til Jakob, og Salome angande olje, for dei ville gå og salva han. 2 Tidleg om morgonen første dagen i veka kom dei til grava med det same sola rann. 3 Dei sa seg imellom: «Kven skal vi få til å rulla steinen frå gravopninga?» 4 Men då dei såg opp, fekk dei sjå at steinen var rulla til sides. Han var svært stor. 5 Då dei kom inn i grava, såg dei ein ung mann som sat på høgre sida, kledd i ein lang, kvit kjortel. Dei vart gripne av otte og undring, 6 men han sa til dei: «Ver ikkje redde! De leitar etter Jesus frå Nasaret, den krossfeste. Han er stått opp, han er ikkje her. Sjå her er staden der dei la han! 7 Men gå av stad og sei til læresveinane hans og til Peter: ‘Han går føre dykk til Galilea. Der skal de få sjå han, slik han har sagt dykk.’» 8 Då gjekk dei ut att og rømde frå grava, skjelvande og frå seg av redsle. Og dei sa ikkje eit ord til nokon, for dei var redde.

Jesus syner seg for læresveinane

9 *Då Jesus hadde stått opp att, tidleg den første dagen i veka, synte han seg først for Maria Magdalena, som han hadde drive sju vonde ånder ut av. 10 Ho gjekk av stad og fortalde det til dei som hadde vore med han, og som no sørgde og gret. 11 Men då dei fekk høyra at han levde, og at ho hadde sett han, trudde dei det ikkje.

12 Sidan synte han seg i ein annan skapnad for to av dei medan dei var på veg ut på landet. 13 Dei òg kom og sa det til dei andre, men dei vart heller ikkje trudde.

14 Til sist synte han seg for dei elleve medan dei var til bords. Han refsa dei fordi dei var så vantru og hardhjarta, og fordi dei ikkje trudde på dei som hadde sett at han var stått opp.

Oppgåva til læresveinane

15 Han sa til dei: «Gå ut i all verda og forkynn evangeliet for alt som Gud har skapt! 16 Den som trur og blir døypt, skal bli frelst. Men den som ikkje trur, skal bli fordømd. 17 Og desse teikna skal følgja dei som trur: I mitt namn skal dei driva ut vonde ånder, dei skal tala nye tungemål, 18 dei skal ta ormar i hendene, og om dei drikk dødeleg gift, skal det ikkje skada dei. Dei skal leggja hendene på sjuke så dei blir friske.»

Jesus blir teken opp til himmelen

19 Etter at Herren Jesus hadde sagt dette til dei, vart han teken opp til himmelen og sette seg ved Guds høgre hand. 20 Men dei gjekk ut og forkynte alle stader. Herren sjølv var hos dei og stadfeste Ordet med dei teikna som følgde med.•

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.