Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Nehemja

7 

1 Då muren var bygd og eg hadde sett inn dørene, vart portvaktene, songarane og levittane utnemnde. 2 Til å styra over Jerusalem sette eg Hanani, bror min, og Hananja, leiaren for borga. For han var ein påliteleg mann og meir gudfryktig enn dei fleste. 3 Eg sa til dei: «Portane i Jerusalem skal ikkje opnast før sola byrjar å verma, og medan dei enno står vakt, skal dørene stengjast og låsast. Set dei som bur i Jerusalem, til å halda vakt, somme på dei ulike postane og somme utanfor sine eigne hus.»

Folket i Jerusalem

4 Byen var vid og stor, men folket der var fåtalig, og husa var enno ikkje gjenreiste. 5 Min Gud la meg på hjartet å samla leiarane, stormennene og heile folket for å registrera dei. Eg fann då slektsregistra over dei som hadde drege opp tidlegare, og der stod det skrive:

6 Dette er mennene frå provinsen Juda som drog tilbake frå fangenskapet i eksil. Kong Nebukadnesar av Babel hadde ført dei dit, og no hadde dei vendt attende til Jerusalem og Juda, kvar til sin by. 7 Dei kom saman med Serubabel, Josva, Nehemja, Asarja, Raamja, Nahamani, Mordekai, Bilsjan, Misperet, Bigvai, Nehum og Baana.

Dette er talet på mennene frå Israelsfolket: 8 etterkomarar av Parosj 2172, 9 av Sjefatja 372, 10 av Arah 652, 11 av Pahat-Moab, altså av Josva og Joab, 2818, 12 av Elam 1254, 13 av Sattu 845, 14 av Sakkai 760, 15 av Binnui 648, 16 av Bebai 628, 17 av Asgad 2322, 18 av Adonikam 667, 19 av Bigvai 2067, 20 av Adin 655, 21 av Ater, altså av Hiskia, 98, 22 av Hasjum 328, 23 av Besai 324, 24 av Harif 112. 25 Frå Gibeon 95 menn, 26 frå Betlehem og Netofa 188, 27 frå Anatot 128, 28 frå Bet-Asmavet 42, 29 frå Kirjat-Jearim, Kefira og Beerot 743, 30 frå Rama og Geba 621, 31 frå Mikmas 122, 32 frå Betel og Ai 123, 33 frå det andre Nebo 52. 34 Etterkomarar av den andre Elam 1254, 35 av Harim 320. 36 Menn frå Jeriko 345, 37 frå Lod, Hadid og Ono 721. 38 Etterkomarar av Senaa 3930.

39 Prestane: etterkomarar av Jedaja, frå Josvas hus, 973, 40 av Immer 1052, 41 av Pasjhur 1247, 42 av Harim 1017.

43 Levittane: etterkomarar av Josva og Kadmiel, altså av Hodavja, 74.

44 Songarane: etterkomarar av Asaf 148.

45 Portvaktene: etterkomarar av Sjallum, Ater, Talmon, Akkub, Hatita og Sjobai 138.

46 Tempeltenarane: etterkomarar av Siha, Hasufa, Tabbaot, 47 Keros, Sia, Padon, 48 Lebana, Hagaba, Sjalmai, 49 Hanan, Giddel, Gahar, 50 Reaja, Resin, Nekoda, 51 Gassam, Ussa, Paseah, 52 Besai, me'unittane og nefusittane, 53 Bakbuk, Hakufa, Harhur, 54 Baslit, Mehida, Harsja, 55 Barkos, Sisera, Tamah, 56 Nesiah og Hatifa.

57 Etterkomarane av Salomos tenarar: av Sotai, Soferet, Perida, 58 Jaala, Darkon, Giddel, 59 Sjefatja, Hattil, Pokeret-Hassebajim og Amon. 60 Tempeltenarane og etterkomarane av Salomos tenarar var i alt 392.

61 Dette er dei som drog tilbake frå Tel-Melah, Tel-Harsja, Kerub, Addon og Immer, men som ikkje kunne gjera greie for si ætt og sitt opphav, om dei høyrde Israel til: 62 etterkomarar av Delaja, Tobia og Nekoda 642, 63 og etterkomarar av prestane: av Hobaja, Hakkos og Barsillai, han som hadde gift seg med ei av døtrene til Barsillai frå Gilead og teke deira namn. 64 Dei leita etter slektsregistra sine, men fann dei ikkje. Difor vart dei rekna for uverdige til prestetenesta. 65 Statthaldaren forbaud dei å eta av det høgheilage til det stod fram ein prest med urim og tummim.

66 Heile forsamlinga var i alt 42 360. 67 I tillegg kom dei 7337 mannlege og kvinnelege slavane, dessutan 245 mannlege og kvinnelege songarar. 68 *Dei hadde 736 hestar, 245 muldyr,• 69 435 kamelar og 6720 esel.

70 Nokre leiarar for familiar gav til arbeidet. Statthaldaren gav 1000 gulldrakmar, 50 offerskåler og 530 prestedrakter til arbeidsfondet. 71 Andre leiarar gav 20 000 gulldrakmar og 2200 sølvminer til fondet. 72 Resten av folket gav 20 000 gulldrakmar, 2000 sølvminer og 67 prestedrakter.

73 Prestane, levittane, portvaktene, songarane og nokre av folket busette seg i sine byar, medan tempeltenarane og alle dei andre i Israel busette seg i sine byar.

Esra les opp lova

Den sjuande månaden kom. Israel hadde no busett seg i byane sine.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.