Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Fjerde Mosebok

15

Matoffer og drikkoffer

1  Herren sa til Moses: 2 Tal til israelittane og sei til dei: Når de kjem inn i landet de skal bu i, det som eg vil gje dykk, 3 og ber fram for Herren gåveoffer av storfe eller småfe til godange for Herren, anten det er eit brennoffer eller eit slaktoffer for å oppfylla ein lovnad, anten som frivillig gåve eller på ei av høgtidene dykkar, 4 då skal den som ber offeret sitt fram for Herren, koma med eit grødeoffer: ein tiandedels efa kveitemjøl blanda med ein fjerdedels hin olje. 5 Saman med brennofferet eller slaktofferet skal du òg gje ein fjerdedels hin vin som drikkoffer for kvart lam. 6 Men er det ein vêr du ofrar, skal grødeofferet vera to tiandedels efa kveitemjøl blanda med ein tredjedels hin olje, 7 og drikkofferet ein tredjedels hin vin. Du skal ofra det til godange for Herren. 8 Ofrar du ein ung okse som brennoffer eller slaktoffer for å oppfylla ein lovnad eller som eit fredsoffer til Herren, 9 då skal du saman med oksen bera fram som grødeoffer tre tiandedels efa kveitemjøl blanda med ein halv hin olje. 10 Som drikkoffer skal du bera fram ein halv hin vin. Det er eit gåveoffer til godange for Herren.

11 Såleis skal de gjera med kvar okse eller vêr, kvart lam eller kje. 12 Anten de ofrar mange eller få, skal de gjera så med kvart einaste dyr. 13 Alle som er fødde i landet, skal gjera det slik når dei ber fram gåveoffer til godange for Herren. 14 Og når ein innflyttar som bur blant dykk eller ein gong i framtida kjem til å bu mellom dykk, vil bera fram eit gåveoffer til godange for Herren, så skal han gjera det slik de gjer det. 15 I forsamlinga skal ei og same ordning gjelda både for dykk og for innflyttarane som held til hos dykk, ei evig ordning gjennom alle slekter. De og innflyttarane skal stå likt for Herren. 16 Same lov og same rett skal gjelda for dykk og for innflyttarane som held til hos dykk.

Offeret av det første brødet

17  Herren sa til Moses: 18 Tal til israelittane og sei til dei: Når de kjem inn i det landet som eg vil føra dykk til, 19 og et av det brødet som landet gjev, då skal de gje ei offergåve til Herren. 20 Det første brødet de bakar, skal de gje i offergåve. De skal gjera det på same måten som med offergåva frå treskjevollen. 21 Av det første de bakar, skal de gjennom alle slekter gje Herren eit brød som offergåve.

Offer for aktlause synder

22 De er kan henda aktlause så de ikkje held alle desse påboda som Herren har gjeve Moses, 23 alt det Herren har pålagt dykk gjennom Moses, heilt frå den dagen han gav boda sine, og gjennom alle slekter. 24 Om det vart gjort i vanvare og utan at forsamlinga visste om det, skal heile forsamlinga ofra ein ung okse som brennoffer til godange for Herren, med grødeoffer og drikkoffer slik regelen seier, og ein geitebukk som syndoffer. 25 Presten skal gjera soning for heile Israels forsamling, så dei får tilgjeving. For det var gjort av vanvare, og dei har bore fram offeret sitt, eit gåveoffer til Herren og eit syndoffer for Herrens andlet for det dei gjorde av vanvare. 26 Då skal heile Israels forsamling og innflyttarane som held til hos dykk, få tilgjeving. For heile folket hadde del i aktløysa.

27 Når eit einskilt menneske syndar av vanvare, skal det bera fram ei årsgammal geit som syndoffer. 28 Presten skal gjera soning for Herrens andlet for den som var aktlaus, sidan han synda av vanvare. Når det er gjort soning for han, skal han få tilgjeving. 29 Anten det er ein innfødd israelitt eller ein innflyttar som held til hos dykk, skal ei og same lov gjelda for den som har vore aktlaus.

30 Men den som med lyft hand spottar Herren, skal støytast ut frå folket sitt, anten han er fødd i landet eller er innflyttar. 31 For han har vist forakt for Herrens ord og brote hans bod. Det mennesket skal støytast ut; det må bera straffa for brotet sitt.

Straffa for å bryta sabbatsbodet

32 Medan israelittane var i ørkenen, kom dei over ein mann som sanka ved på sabbatsdagen. 33 Dei som fann han medan han sanka ved, førte han fram for Moses og Aron og heile forsamlinga. 34 Han vart sett i varetekt, for det var ikkje klårt kva som skulle gjerast med han. 35 Då sa Herren til Moses: «Mannen må døy. Heile forsamlinga skal steina han utanfor leiren.» 36 Så førte heile forsamlinga han utanfor leiren og steina han til han døydde, slik Herren hadde pålagt Moses.

Duskane på kappeflikane

37  Herren sa til Moses: 38 Tal til israelittane og sei til dei at dei gjennom alle slekter skal laga seg duskar på kappeflikane sine, og i kvar dusk skal dei setja ei snor av fiolett purpur. 39 Slike duskar skal de ha. Kvar gong de ser på dei, skal de koma alle Herrens bod i hug, så de lever etter dei. De må ikkje følgja dykkar eigne hjarte og dykkar eigne auge, dei som lokkar dykk til å driva hor. 40 Såleis skal de minnast alle boda mine og leva etter dei. De skal vera heilage for dykkar Gud. 41 Eg er Herren dykkar Gud, som førte dykk ut frå Egypt for å vera dykkar Gud. Eg er Herren dykkar Gud.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.