Gå til forsiden

Fjerde Mosebok

17

Arons stav som blømde

1  Herren sa til Moses: 2 Sei til israelittane at dei skal gje deg tolv stavar, ein stav for kvar stamme. Av leiaren for kvar stamme skal du få ein stav, og på den skal du skriva namnet hans. 3 På staven frå Levi skal du skriva Arons namn, for det skal vera ein stav for kvar av leiarane for familiane. 4 Legg stavane i teltheilagdomen framfor vitnemålet, der eg møter dykk. 5 Der skal staven til den mannen eg vel ut, setja friske skot. Så blir eg kvitt all klaginga frå israelittane.

6 Moses tala til israelittane. Og alle leiarane for stammane gav han kvar sin stav, ein stav for kvar stamme, tolv stavar i alt. Mellom dei var staven til Aron. 7 Moses la stavane ned for Herrens andlet i teltet med vitnemålet. 8 Det vart morgon neste dag. Då kom Moses inn i vitnemålsteltet, og sjå, Arons stav, staven for Levis hus, hadde sett friske skot. Han hadde fått knoppar, blømde og bar mandlar. 9 Moses bar alle stavane bort frå Herrens andlet og ut til israelittane. Dei såg på dei, og alle tok kvar sin stav.

10  Herren sa til Moses: «Ber Arons stav inn att og legg han framfor vitnemålet! Den skal takast vare på som eit teikn for dei som vil gjera opprør. Slik skal du stansa murringa deira, så dei ikkje må døy.» 11 Moses gjorde dette. Han gjorde slik Herren hadde pålagt han. 12 Men israelittane sa til Moses: «Vi går jo til grunne! Vi er fortapte alle saman, vi er fortapte! 13 Kvar den som vågar å koma nær til Herrens bustad, døyr. Skal vi gå fullstendig til grunne?»

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.