Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Fjerde Mosebok

3

Levittane blir mønstra

1 Dette er slektshistoria til Aron og Moses, på den tida då Herren tala til Moses på Sinai-fjellet. 2 Dette er namna på Aron-sønene: Nadab, den førstefødde, og Abihu, Elasar og Itamar. 3 Det er namna på sønene Aron hadde, dei som var salva til prestar og vigde til å gjera presteteneste. 4 Nadab og Abihu døydde for Herrens andlet då dei bar fram uvigsla eld for han i Sinai-ørkenen. Dei hadde ingen søner. Sidan gjorde Elasar og Itamar presteteneste under Aron, far sin.

5  Herren sa til Moses: 6 Lat Levi-stammen koma hit! Lat dei gå fram for Aron, presten, og tena han! 7 Dei skal gjera teneste for han og heile forsamlinga framfor teltheilagdomen og utføra tenesta ved bustaden. 8 Dei skal ta hand om alle tinga i teltheilagdomen og pliktene som israelittane har når dei gjer teneste ved bustaden. 9 Du skal gje levittane over til Aron og sønene hans. Mellom israelittane skal desse vera heilt og fullt overgjevne til han. 10 Aron og sønene hans skal du setja til å gjera presteteneste. Kjem ein framand nær det heilage, skal han døy.

11 Så sa Herren til Moses: 12 Sjå, eg har teke ut levittane frå dei andre israelittane i staden for alle førstefødde i Israel, dei som opnar morslivet. Levittane skal høyra meg til. 13 For alle førstefødde høyrer meg til. Den dagen eg slo i hel alle dei førstefødde i Egypt, helga eg alle dei førstefødde i Israel, både menneske og dyr. Dei er mine. Eg er Herren.

14  Herren sa til Moses i Sinai-ørkenen: 15 «Du skal mønstra levittane, familie for familie og slekt for slekt. Alle av hannkjønn som er ein månad eller meir, skal du mønstra.» 16 Og Moses mønstra dei på Herrens ord, slik han var pålagd. 17 Dette er namna på sønene til Levi: Gersjon, Kehat og Merari. 18 Dette er namna på sønene til Gersjon og slektene deira: Libni og Sjimi, 19 og sønene til Kehat og slektene deira: Amram, Jishar, Hebron og Ussiel, 20 og sønene til Merari og slektene deira: Mahli og Musji. Dette er Levi-slektene og familiane deira.

21 Til Gersjon høyrde slektene til Libni og Sjimi. Det er slektene til Gersjon-sønene. 22 Dei som vart mønstra frå desse slektene, var 7500 i talet. Alle av hannkjønn som var ein månad eller meir, vart mønstra. 23 Slektene til Gersjon-sønene slo leir bak bustaden, mot vest. 24 Leiaren for familien deira var Eljasaf, son til Lael. 25 Gersjon-sønene skulle ta seg av teltheilagdomen, sjølve bustaden og teltet, taket på det og forhenget framfor opninga til teltheilagdomen, 26 omhenget rundt føregarden som låg kring bustaden og altaret, forhenget framfor opninga inn til føregarden, snorene og alt arbeidet med dette.

27 Til Kehat høyrde slekta til Amram-sønene, slekta til Jishar-sønene, slekta til Hebron-sønene og slekta til Ussiel-sønene. Det er slektene til Kehat-sønene. 28 Då alle av hannkjønn som var ein månad eller meir, var talde, var det 8600 mann som skulle utføra oppgåvene ved heilagdomen. 29 Slektene til Kehat-sønene slo leir på sørsida av bustaden. 30 Leiaren for familien deira var Elisafan, son til Ussiel. 31 Dei hadde ansvaret for paktkista, bordet, lysestaken, altara, tinga som dei nytta ved tenesta i heilagdomen, og forhenget og alt arbeidet med dette.

32 Den øvste leiaren for levittane var Elasar, son til Aron, presten. Han hadde tilsyn med dei som gjorde teneste ved heilagdomen.

33 Til Merari høyrde Mahli-slekta og Musji-slekta. Det er Merari-slektene. 34 Talet på dei som vart mønstra, alle av hannkjønn som var ein månad eller meir, var 6200. 35 Leiaren for farshuset til Merari-slektene var Suriel, son til Abihajil. Dei slo leir på nordsida av bustaden. 36 Merari-sønene hadde ansvar for å ta seg av plankane i bustaden, tverrstengene, stolpane og soklane, alle tinga der og alt arbeidet med dette, 37 dessutan stolpane kring føregarden med soklane, pluggane og snorene som høyrde til.

38 Moses og Aron og sønene hans slo leir framfor bustaden, framfor teltheilagdomen, mot soloppgangen i aust. Det var dei som utførte oppgåver for israelittane ved heilagdomen. Om ein uvigsla kjem nær, skal han døy. 39 Talet på levittane som Moses og Aron mønstra på Herrens ord, slekt for slekt, alle av hannkjønn som var ein månad eller meir, var 22 000.

Levittane og dei førstefødde

40  Herren sa til Moses: Du skal mønstra dei førstefødde i Israel, alle av hannkjønn som er ein månad eller meir, og skriva dei inn i manntalet. 41 Du skal ta ut levittane. Dei er mine. Eg er Herren. Du skal ta dei ut i staden for alle dei førstefødde mellom israelittane, og feet til levittane i staden for alt det førstefødde blant feet til israelittane.

42 Då mønstra Moses alle førstefødde mellom israelittane, slik Herren hadde pålagt han. 43 Talet på alle førstefødde som vart mønstra og innskrivne i manntalet, alle av hannkjønn som var ein månad eller meir, var 22 273.

44 Så sa Herren til Moses: 45 Ta levittane i staden for alle dei førstefødde mellom israelittane, og husdyra til levittane i staden for husdyra deira. Levittane er mine. Eg er Herren. 46 Men som løysepengar for dei 273 førstefødde mellom israelittane som går ut over talet på levittar, 47 skal du ta fem sjekel for kvar. Ein sjekel er tjue gera etter vekta som blir brukt i heilagdomen. 48 Gjev pengane til Aron og sønene hans som løysepengar for dei som er overskytande mellom dei.

49 Moses tok imot løysepengane for dei som var fleire enn talet på dei som var løyste ut med levittane. 50 Frå dei førstefødde mellom israelittane fekk han pengane, 1365 sjekel etter den vekta som blir brukt i heilagdomen. 51 Og Moses gav løysepengane til Aron og sønene hans på Herrens ord, slik Herren hadde pålagt Moses.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.