Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Fjerde Mosebok

35

Levittane får byar og beitemarker

1  Herren tala til Moses på slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko. Han sa: 2 Du skal gje israelittane påbod om å gje levittane noko av sin eigedom til arv. De skal gje levittane byar å bu i og beitemarker kring desse byane. 3 I byane skal dei bu, og markene som høyrer til, skal vera til beite for buskapen deira, alle dyra dei eig. 4 Dei markene de gjev levittane utanfor byane, skal nå tusen alner ut frå bymuren på alle kantar. 5 Utanfor byen skal de måla opp to tusen alner på austsida, to tusen alner på sørsida, to tusen alner på vestsida og to tusen alner på nordsida, så byen ligg midt imellom. Det skal vera bymarkene deira.

6 Byane som de lèt levittane få, skal vera dei seks fribyane de set av så drapsmenn kan rømma dit; dessutan skal de gje dei førtito andre byar. 7 I alt skal de gje levittane førtiåtte byar med beitemarker. 8 Når de tek desse byane av eigedomen til israelittane og gjev dei, skal de ta meir frå dei store og mindre frå dei små stammane. Kvar stamme skal gje levittane byar etter som dei har fått land til eige.

Lov om drapsmenn og fristader

9  Herren sa til Moses: 10 Tal til israelittane og sei til dei: Når de går over Jordan og inn i landet Kanaan, 11 skal de velja ut nokre byar som skal vera fribyar for dykk. Dit kan ein drapsmann rømma om han har slege einkvan i hel av vanvare. 12 Desse byane skal vera fristader for den som rømmer for blodhemnaren, så drapsmannen ikkje skal døy før han har stått til rette for forsamlinga og fått sin dom. 13 Seks av dei byane som de gjev levittane, skal vera fribyar. 14 Tre av byane skal de ta på den andre sida av Jordan og tre i Kanaan. Dei skal vera fribyar. 15 Både for israelittar og for innflyttarar og framande som bur mellom dykk, skal desse seks byane vera fristader, så den som av vanvare har drepe nokon, kan rømma dit.

16 Om nokon tek ein jernreiskap og slår ein annan i hel, er han ein drapsmann, og drapsmannen skal straffast med døden. 17 Tek nokon ein stein som er stor nok til å drepa med, og slår ein mann i hel, då er han ein drapsmann, og drapsmannen skal straffast med døden. 18 Eller tek han ein reiskap av tre som ein kan drepa med, og slår ein mann i hel, då er han ein drapsmann, og drapsmannen skal straffast med døden.

19 Det er blodhemnaren som skal slå drapsmannen i hel. Når han finn han, skal han drepa han. 20 På same måten skal det vera om nokon hatar ein annan og støyter til han eller kastar eitkvart på han med vilje så han døyr, 21 eller i fiendskap slår han med neven så han døyr. Då skal den som slo, straffast med døden. Han er ein drapsmann, og blodhemnaren skal slå drapsmannen i hel når han finn han.

22 Så kan det henda at nokon brått støyter til ein mann utan fiendskap eller kastar eitkvart på han utan vond vilje. 23 Eller kanskje han ikkje ser den andre og råkar han med ein stein som er stor nok til å drepa med, så han døyr, endå mannen ikkje var hans fiende og ikkje ville han noko vondt. 24 Då skal forsamlinga dømma mellom drapsmannen og blodhemnaren etter desse forskriftene: 25 Forsamlinga skal berga drapsmannen frå blodhemnaren og føra han tilbake til den fribyen han hadde rømt til. Der skal han vera til øvstepresten er død, han som er salva med heilag olje. 26 Men kjem drapsmannen nokon gong utom den fribyen han har rømt til, 27 og blodhemnaren finn han der utanfor bygrensene og slår han i hel, då har han inga blodskuld. 28 For drapsmannen skal halda seg i fristaden sin til øvstepresten døyr. Når øvstepresten er død, kan han fara heim att til den jorda han eig. 29 Dette skal gjelda for lov og rett hos dykk gjennom alle slekter, kvar de så bur.

30 Når nokon slår i hel eit menneske, skal drapsmannen drepast så sant det er vitne mot han. Men ingen skal døy etter éin manns vitnemål. 31 De skal ikkje ta imot løysepengar for å berga livet til ein drapsmann som er skuldig til å døy. Han skal straffast med døden. 32 De skal ikkje ta imot løysepengar for ein som har rømt til ein fristad, slik at han kan venda heim att og bu i landet før øvstepresten er død.

33 De skal ikkje vanhelga det landet de bur i, for blod vanhelgar landet. Og landet får ikkje soning for det blodet som har runne der, utan ved blodet til den som auste ut blod. 34 De skal ikkje gjera det landet de bur i, ureint. For der har eg min bustad. Eg er Herren, som bur midt imellom israelittane.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.