Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Fjerde Mosebok

5

Ureinskap og urett vinning

1  Herren sa til Moses: 2 «Du skal påleggja israelittane å senda bort frå leiren alle med hudsjukdom, alle med utflod og alle som er ureine etter å ha rørt ved lik. 3 Både menn og kvinner skal de senda bort. Lat dei gå utanfor leiren så dei ikkje gjer leiren urein, der eg bur midt imellom israelittane.»

4 Folket gjorde som Herren sa. Dei sende dei ureine ut av leiren. Som Herren sa til Moses, slik gjorde israelittane.

5  Herren sa til Moses: 6 Sei til israelittane: Når ein mann eller ei kvinne gjer ei synd mot eit anna menneske og såleis er trulaus mot Herren og fører skuld over seg, 7 då skal dei vedkjenna synda dei har gjort. Så skal dei gje fullt vederlag for ugjerninga og ein femtedel i tillegg til den dei har gjort urett mot. 8 Men dersom den andre ikkje har nokon løysingsmann som kan ta imot vederlaget, skal det gjevast til Herren og høyra presten til, saman med soningsvêren som han ofrar til soning for syndaren.

9 Kvar avgift og alle heilage gåver som israelittane kjem til presten med, skal vera hans. 10 Alle heilage gåver skal vera hans. Alt nokon gjev til presten, skal vera hans.

Lova om sjalusi

11  Herren sa til Moses: 12 Tal til israelittane og sei til dei: Set at ei kvinne kjem på avvegar og er utru mot mannen sin, 13 og ein annan mann har samleie med henne. Men mannen hennar veit ikkje om det, for ho har gjort seg urein i det skjulte. Det er ikkje vitne, og ho blir ikkje teken på fersk gjerning. 14 Men så kjem det sjalusi over mannen, og han får mistanke om at kona hans har gjort seg urein. Det kan òg henda at det kjem sjalusi over mannen så han mistrur kona si endå ho ikkje har gjort seg urein. 15 Då skal mannen ta kona si med seg til presten og bera fram offer for henne, ein tiandedels efa byggmjøl. Han skal ikkje slå olje over det og ikkje leggja røykjelse på. For det er eit matoffer for sjalusi og eit påminningsoffer om synd.

16 Presten skal føra kvinna fram og stilla henne framfor Herrens andlet. 17 Så skal han henta heilagt vatn i ei leirskål og ta noko av støvet som er på golvet i bustaden, og ha det oppi vatnet. 18 Når presten har stilt kvinna fram for Herrens andlet, skal han løysa håret hennar og leggja påminningsofferet i hendene hennar; det er eit grødeoffer for sjalusi. I si eiga hand skal presten halda det beiske forbanningsvatnet.

19 Så skal presten ta kvinna i eid og seia til henne: «Så sant ingen mann har lege med deg, så sant du ikkje har kome på avvegar og gjort deg urein for mannen din, skal du vera fri frå dette beiske forbanningsvatnet. 20 Men har du kome på avvegar frå mannen din og gjort deg urein, og har ein annan enn mannen din lege med deg» 21 – og no skal presten ta kvinna i eid med forbanningseiden og seia til henne: «må Herren gjera deg til eit teikn på forbanning midt blant folket ditt, må Herren la underlivet ditt falla ned og morslivet svella opp. 22 Må forbanningsvatnet koma ned i innvolane dine, så morslivet svell opp og underlivet fell ned.» Og kvinna skal seia: «Amen, amen.»

23 Desse forbanningseidane skal presten skriva opp på eit blad og vaska dei av i det beiske vatnet. 24 Og han skal la kvinna drikka av det beiske forbanningsvatnet så det kan koma inn i henne og gje beisk smerte. 25 Så skal presten ta grødeofferet for sjalusi ut or handa på kvinna, svinga det for Herrens andlet og bera det fram til altaret. 26 Og han skal ta ein neve av påminningsofferet og brenna det på altaret. Deretter skal han la kvinna drikka av vatnet. 27 Når ho drikk av vatnet, og dersom ho er urein og har vore utru mot mannen sin, då skal forbanningsvatnet valda beisk smerte når det kjem ned i henne. Morslivet hennar skal svella opp og underlivet falla ned, og ho skal vera ei forbanning mellom folket sitt. 28 Men dersom kvinna ikkje har gjort seg urein, men er rein, då skal ho vera uskadd og framleis kunna få born.

29 Dette er lova om sjalusi: Når ei kvinne kjem på avveg og gjer seg urein, 30 eller når sjalusi kjem over ein mann og han blir sjalu på kona si, då skal han stilla kvinna fram for Herrens andlet, og presten skal gjera med henne alt det som står i denne lova. 31 Mannen skal vera fri for skuld, men kvinna skal bera den skulda ho sjølv har ført over seg.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.