Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Fjerde Mosebok

7

Gåver frå leiarane

1 Då Moses var ferdig med å reisa bustaden, salva og helga han bustaden og alle tinga som høyrde til. Altaret og tinga som høyrde til det, salva og helga han. 2 Då kom leiarane i Israel fram, dei som var overhovud for familiane og leiarar for stammane, dei som stod over alle som var mønstra. 3 Dei førte offera sine fram for Herren: seks vogner med tak og tolv oksar, ei vogn for to leiarar og ein okse for kvar av dei. Desse førte dei fram til bustaden.

4  Herren sa til Moses: 5 «Ta imot desse! Dei skal brukast til arbeidet ved teltheilagdomen. Gjev dei til levittane, til kvar einskild etter det arbeidet han har.»

6 Moses tok vognene og oksane og gav dei til levittane. 7 Han gav Gersjon-sønene to vogner og fire oksar, etter det arbeidet dei hadde. 8 Han gav Merari-sønene fire vogner og åtte oksar, etter det arbeidet dei hadde hos Itamar, son til Aron, presten. 9 Han gav ikkje noko til Kehat-sønene, for dei skulle ta vare på det heilage og bera det på akslene.

10 Leiarane kom med offer til vigslinga av altaret då det vart salva, og bar offera sine fram til altaret. 11 Då sa Herren til Moses: «Leiarane skal koma kvar sin dag og ofra offera sine til vigslinga av altaret.»

12 Den som bar fram offeret sitt første dagen, var Nahsjon, son til Amminadab, frå Juda-stammen. 13 Offeret hans var eit sølvfat som vog 130 sjekel, og ei sølvskål på 70 sjekel etter vekta i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl blanda med olje til grødeoffer, 14 ei gullskål på 10 sjekel, full av røykjelse, 15 ein ung okse frå flokken, ein vêr og eit årsgammalt vêrlam til brennoffer, 16 ein geitebukk til syndoffer 17 og til fredsoffer to oksar, fem vêrar, fem bukkar og fem årsgamle vêrlam. Det var offeret frå Nahsjon, son til Amminadab.

18 Andre dagen kom Netanel, son til Suar, leiaren for Jissakar. 19 Han bar fram offeret sitt: eit sølvfat som vog 130 sjekel, ei sølvskål på 70 sjekel etter vekta i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl blanda med olje til grødeoffer, 20 ei gullskål på 10 sjekel, full av røykjelse, 21 ein ung okse frå flokken, ein vêr og eit årsgammalt vêrlam til brennoffer, 22 ein geitebukk til syndoffer 23 og til fredsoffer to oksar, fem vêrar, fem bukkar og fem årsgamle vêrlam. Det var offeret frå Netanel, son til Suar.

24 Tredje dagen kom leiaren for Sebulon-sønene, Eliab, son til Helon. 25 Offeret hans var eit sølvfat som vog 130 sjekel, ei sølvskål på 70 sjekel etter vekta i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl blanda med olje til grødeoffer, 26 ei gullskål på 10 sjekel, full av røykjelse, 27 ein ung okse frå flokken, ein vêr og eit årsgammalt vêrlam til brennoffer, 28 ein geitebukk til syndoffer 29 og til fredsoffer to oksar, fem vêrar, fem bukkar og fem årsgamle vêrlam. Det var offeret frå Eliab, son til Helon.

30 Fjerde dagen kom leiaren for Ruben-sønene, Elisur, son til Sjede'ur. 31 Offeret hans var eit sølvfat som vog 130 sjekel, ei sølvskål på 70 sjekel etter vekta i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl blanda med olje til grødeoffer, 32 ei gullskål på 10 sjekel, full av røykjelse, 33 ein ung okse frå flokken, ein vêr og eit årsgammalt vêrlam til brennoffer, 34 ein geitebukk til syndoffer 35 og til fredsoffer to oksar, fem vêrar, fem bukkar og fem årsgamle vêrlam. Det var offeret frå Elisur, son til Sjede'ur.

36 Femte dagen kom leiaren for Simon-sønene, Sjelumiel, son til Surisjaddai. 37 Offeret hans var eit sølvfat som vog 130 sjekel, ei sølvskål på 70 sjekel etter vekta i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl blanda med olje til grødeoffer, 38 ei gullskål på 10 sjekel, full av røykjelse, 39 ein ung okse frå flokken, ein vêr og eit årsgammalt vêrlam til brennoffer, 40 ein geitebukk til syndoffer 41 og til fredsoffer to oksar, fem vêrar, fem bukkar og fem årsgamle vêrlam. Det var offeret frå Sjelumiel, son til Surisjaddai.

42 Sjette dagen kom leiaren for Gad-sønene, Eljasaf, son til De'uel. 43 Offeret hans var eit sølvfat som vog 130 sjekel, ei sølvskål på 70 sjekel etter vekta i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl blanda med olje til grødeoffer, 44 ei gullskål på 10 sjekel, full av røykjelse, 45 ein ung okse frå flokken, ein vêr og eit årsgammalt vêrlam til brennoffer, 46 ein geitebukk til syndoffer 47 og til fredsoffer to oksar, fem vêrar, fem bukkar og fem årsgamle vêrlam. Det var offeret frå Eljasaf, son til De'uel.

48 Sjuande dagen kom leiaren for Efraim-sønene, Elisjama, son til Ammihud. 49 Offeret hans var eit sølvfat som vog 130 sjekel, ei sølvskål på 70 sjekel etter vekta i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl blanda med olje til grødeoffer, 50 ei gullskål på 10 sjekel, full av røykjelse, 51 ein ung okse frå flokken, ein vêr og eit årsgammalt vêrlam til brennoffer, 52 ein geitebukk til syndoffer 53 og til fredsoffer to oksar, fem vêrar, fem bukkar og fem årsgamle vêrlam. Det var offeret frå Elisjama, son til Ammihud.

54 Åttande dagen kom leiaren for Manasse-sønene, Gamliel, son til Pedasur. 55 Offeret hans var eit sølvfat som vog 130 sjekel, ei sølvskål på 70 sjekel etter vekta i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl blanda med olje til grødeoffer, 56 ei gullskål på 10 sjekel, full av røykjelse, 57 ein ung okse frå flokken, ein vêr og eit årsgammalt vêrlam til brennoffer, 58 ein geitebukk til syndoffer 59 og til fredsoffer to oksar, fem vêrar, fem bukkar og fem årsgamle vêrlam. Det var offeret frå Gamliel, son til Pedasur.

60 Niande dagen kom leiaren for Benjamin-sønene, Abidan, son til Gidoni. 61 Offeret hans var eit sølvfat som vog 130 sjekel, ei sølvskål på 70 sjekel etter vekta i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl blanda med olje til grødeoffer, 62 ei gullskål på 10 sjekel, full av røykjelse, 63 ein ung okse frå flokken, ein vêr og eit årsgammalt vêrlam til brennoffer, 64 ein geitebukk til syndoffer 65 og til fredsoffer to oksar, fem vêrar, fem bukkar og fem årsgamle vêrlam. Det var offeret frå Abidan, son til Gidoni.

66 Tiande dagen kom leiaren for Dan-sønene, Ahieser, son til Ammisjaddai. 67 Offeret hans var eit sølvfat som vog 130 sjekel, ei sølvskål på 70 sjekel etter vekta i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl blanda med olje til grødeoffer, 68 ei gullskål på 10 sjekel, full av røykjelse, 69 ein ung okse frå flokken, ein vêr og eit årsgammalt vêrlam til brennoffer, 70 ein geitebukk til syndoffer 71 og til fredsoffer to oksar, fem vêrar, fem bukkar og fem årsgamle vêrlam. Det var offeret frå Ahieser, son til Ammisjaddai.

72 Ellevte dagen kom leiaren for Asjer-sønene, Pagiel, son til Okran. 73 Offeret hans var eit sølvfat som vog 130 sjekel, ei sølvskål på 70 sjekel etter vekta i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl blanda med olje til grødeoffer, 74 ei gullskål på 10 sjekel, full av røykjelse, 75 ein ung okse frå flokken, ein vêr og eit årsgammalt vêrlam til brennoffer, 76 ein geitebukk til syndoffer 77 og til fredsoffer to oksar, fem vêrar, fem bukkar og fem årsgamle vêrlam. Det var offeret frå Pagiel, son til Okran.

78 Tolvte dagen kom leiaren for Naftali-sønene, Ahira, son til Enan. 79 Offeret hans var eit sølvfat som vog 130 sjekel, ei sølvskål på 70 sjekel etter vekta i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl blanda med olje til grødeoffer, 80 ei gullskål på 10 sjekel, full av røykjelse, 81 ein ung okse frå flokken, ein vêr og eit årsgammalt vêrlam til brennoffer, 82 ein geitebukk til syndoffer 83 og til fredsoffer to oksar, fem vêrar, fem bukkar og fem årsgamle vêrlam. Det var offeret frå Ahira, son til Enan.

84 Dette var gåvene frå leiarane i Israel til vigslinga av altaret, den dagen det vart salva: tolv sølvfat, tolv sølvskåler og tolv gullskåler. 85 Kvart sølvfat var på 130 sjekel og kvar sølvskål på 70 sjekel. Alt sølvet i kara vog til saman 2400 sjekel etter vekta i heilagdomen. 86 Dei tolv gullskålene som var fulle av røykjelse, vog 10 sjekel kvar etter vekta i heilagdomen. Til saman vog gullet i skålene 120 sjekel. 87 All buskapen som gjekk med til brennoffer, var 12 oksar, 12 vêrar og 12 årsgamle vêrlam med dei grødeoffera som høyrde til, og 12 geitebukkar til syndoffer. 88 All buskapen som gjekk med til fredsoffer, var 24 oksar, 60 vêrar, 60 bukkar og 60 årsgamle vêrlam. Det var gåvene som vart framborne då altaret vart salva og vigsla.

89 Når Moses gjekk inn i teltheilagdomen og skulle snakka med han, høyrde han røysta tala til seg frå soningsstaden over kista med vitnemålet, mellom dei to kjerubane. Der tala han til han.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.