Gå til forsiden

Paulus' brev til filipparane

2 

1 Om det no er trøyst i Kristus, glød i kjærleiken, fellesskap i Anden, om det finst medkjensle og miskunn, 2 så gjer mi glede fullkomen: Ha same sinnelaget og same kjærleiken, ver eitt i sjel og sinn. 3 Gjer ikkje noko av sjølvhevding eller lyst til tom ære, men ver audmjuke og set dei andre høgare enn dykk sjølve. 4 Tenk ikkje berre på dykkar eige beste, men òg på det som er godt for dei andre. 5 Lat det same sinnelaget vera i dykk som òg var i Kristus Jesus!


6 Han var i Guds skapnad

og såg det ikkje som eit rov

å vera Gud lik,

7 men gav avkall på sitt eige,

tok ein tenars skapnad

og vart menneske lik.


Då han stod fram som menneske,

8 fornedra han seg sjølv

og vart lydig til døden, ja, døden på krossen.

9 Difor har òg Gud

opphøgd han til det høgste

og gjeve han namnet over alle namn.


10 I Jesu namn skal difor

kvart kne bøya seg,

i himmelen, på jorda og under jorda,

11 og kvar tunge vedkjenna

at Jesus Kristus er Herre,

til Gud Faders ære!


12 Mine kjære, de var alltid lydige medan eg var hos dykk. Så ver det endå meir no når eg er borte, og arbeid på dykkar frelse med respekt og ærefrykt. 13 For det er Gud som er verksam i dykk, så de både vil og gjer det som er etter Guds gode vilje. 14 Gjer alt utan murring og misnøye, 15 så de kan vera lytefrie og reine, Guds ulastelege born midt i ei vrang og villfaren slekt. Mellom dei skin de som stjerner på nattehimmelen 16 når de held fast på livsens ord, og då skal eg få den ros på Kristi dag at løpet mitt og strevet mitt ikkje har vore bortkasta. 17 Ja, om så eg sjølv skal ofrast når eg gjer altarteneste og ber dykkar tru fram som offer, er eg likevel glad og gleder meg saman med dykk alle. 18 Like eins skal de òg vera glade og gleda dykk saman med meg.

Timoteus og Epafroditus, to trufaste medarbeidarar

19 I Herren Jesus har eg den vona at eg snart kan senda Timoteus til dykk, så eg òg kan få nytt mot når eg får høyra korleis det går med dykk. 20 Eg har ingen som han, ingen som så ærleg kan ha omsorg for dykk. 21 Alle dei andre søkjer sitt eige, ikkje Jesu Kristi sak. 22 Men de veit at Timoteus har stått si prøve. Han har arbeidd for evangeliet saman med meg, slik ein son hjelper far sin. 23 Eg vonar eg kan senda han til dykk så snart eg ser korleis det går med saka mi, 24 men i Herren veit eg at eg snart skal koma sjølv.

25 Eg har òg funne det naudsynt å senda Epafroditus tilbake til dykk. Han er min bror og medarbeidar og stridskamerat, og han var dykkar utsending som skulle hjelpa meg med det eg trong. 26 Han lengta etter dykk alle og var uroleg fordi de hadde høyrt at han var sjuk. 27 Han var alvorleg sjuk, ja, døden nær. Men Gud miskunna seg over han, ja, ikkje berre over han, men òg over meg, så eg ikkje skulle få sorg på sorg. 28 Difor var det endå viktigare for meg å senda han til dykk, så de kan gleda dykk over å sjå han att og eg kan ha ei sorg mindre. 29 Ta imot han i Herrens namn med inderleg glede, og hald slike som han høgt i ære. 30 Det var i arbeidet for Kristus han var døden nær; han våga livet for å gje meg det som mangla i den hjelpa eg fekk frå dykk.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.