Gå til forsiden

Salomos ordtak

14 

1 Den vise kvinna byggjer huset,

den dumme riv det ned med eigne hender.


2 Den som går rett fram, fryktar Herren,

den som går krokvegar, foraktar han.


3 I den dummes munn skyt hovmod fram,

men for dei vise er leppene eit vern.


4 Utan oksar er krubba tom,

men med sterke stutar følgjer stor avling.


5 Eit ærleg vitne lyg ikkje,

men falske vitne fer med løgn.


6 Ein spottar søkjer visdom, men finn han ikkje,

for den som er klok, er det lett å få kunnskap.


7 Hald deg borte frå dåren,

du får ikkje kunnskap frå leppene hans.


8 Den klokes visdom er å kjenna sin veg,

dårars dårskap er å narra seg sjølve.


9 Dei dumme talar hånleg om skuld,

hos dei rettskafne rår velvilje.


10 Hjartet kjenner si eiga sorg,

ingen framand er med det i gleda.


11 Dei urettferdige får huset lagt øyde,

men det blømer i teltet til dei rettskafne.


12 Ein veg som synest vera den rette,

kan likevel enda i døden.


13 Jamvel når ein ler, kan hjartet lida

og gleda enda med sorg.


14 Den trulause blir mett av si eiga ferd

og den gode av sine gjerningar.


15 Den truskuldige trur alt som blir sagt,

den kløktige gjev akt på sine steg.


16 Den vise fryktar det vonde og vender seg bort frå det,

dåren er overmodig og sjølvsikker.


17 Den som er bråsint, gjer dumme ting,

den som legg vonde planar, blir hata.


18 Dei truskuldige arvar dårskap,

dei kløktige blir krona med kunnskap.


19 Dei vonde må bøya seg for dei gode

og dei urettferdige ved portane til dei rettferdige.


20 Jamvel av sin neste blir den fattige hata,

mange er dei som elskar den rike.


21 Synd gjer den som foraktar sin neste,

sæl er den som viser medynk med dei fattige.


22 Dei som tenkjer ut vondt, fer alltid vill,

dei som har godt i tankar, møter miskunn og truskap.


23 Alt strev fører vinning med seg,

tomt snakk gjev berre tap.


24 Rikdom kronar dei vise,

dårars dårskap er og blir dårskap.


25 Eit ærleg vitne bergar liv,

den som fer med løgn, er ein svikar.


26 Å frykta Herren er eit trygt vern,

der kan borna òg søkja tilflukt.


27 Å frykta Herren er ei kjelde til liv

slik at ein vender seg bort frå dødens snarer.


28 Å ha mykje folk er til heider for kongen,

mangel på folk gjer at fyrsten fell.


29 Den som er sein til vreide, har stor innsikt,

den bråsinte viser kor dum han er.


30 Eit friskt hjarte gjev kroppen liv,

sjalusi er som verk i knoklane.


31 Den som undertrykkjer den svake, håner hans skapar,

den som hjelper den fattige, ærar Gud.


32 Den urettferdige fell for sin eigen vondskap,

jamvel i døden finn den rettferdige tilflukt.


33 I hjartet til den kloke slår Visdomen seg ned,

men blant dårar er ho ukjend.


34 Rettferd lyfter eit folkeslag,

men synd er ei skam for folka.


35 Ein forstandig tenar vinn velvilje hos kongen,

ein duglaus blir råka av harmen hans.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.