Gå til forsiden

Salomos ordtak

15 

1 Eit mildt svar døyver sinne,

sårande ord vekkjer harme.


2 Vises tunge gjev god kunnskap,

men dårskap strøymer frå dårars munn.


3  Herrens auge er alle stader,

dei vaker over vonde og gode.


4 Ei lækjande tunge er eit livsens tre,

ei falsk tunge knuser livsmotet.


5 Den dumme foraktar formaning frå far sin,

klok er den som lèt seg visa til rette.


6 Den rettferdiges hus rommar stor rikdom;

det den urettferdige vinn, fører til ulukke.


7 Vises lepper strør ut kunnskap,

det gjer ikkje dårens hjarte.


8  Herren avskyr offer frå urettferdige,

bøn frå dei rettskafne har han glede i.


9  Herren avskyr vegen til den urettferdige,

men elskar den som jagar etter rettferd.


10 Streng straff får den som går bort frå stigen,

den som hatar tilrettevising, skal døy.


11 Dødsrike og avgrunn ligg opne for Herren,

kor mykje meir då menneskehjartet.


12 Spottaren mislikar å bli vist til rette,

han går ikkje til dei vise.


13 Glede i hjartet gjer andletet venleg,

sorg i hjartet gjer motlaus.


14 Eit klokt hjarte søkjer kunnskap,

men dårens munn lever av dårskap.


15 For ein fattig er alle dagar vonde,

den fornøgde gjer kvar dag til ein fest.


16 Betre å ha lite og frykta Herren

enn å ha stor rikdom med uro attåt.


17 Betre er ein grønsakrett med kjærleik

enn oksesteik med hat attåt.


18 Den som er sint, valdar trette,

den som er sein til vreide, får striden til å stilna.


19 For den late er vegen som klungerkratt,

for dei rettskafne er stigen ein rydda veg.


20 Ein klok son er til glede for far sin,

ein tåpeleg mann foraktar mor si.


21 Den vitlause har glede av dårskap,

den forstandige held rett kurs.


22 Utan rådlegging mislukkast planane,

når mange gjev råd, skal dei lukkast.


23 Glad blir den som kan gje svar.

Kor godt med eit ord i rette tid!


24 For den forstandige fører livsvegen oppover,

slik slepp han unna dødsriket der nede.


25  Herren riv huset ned for dei hovmodige,

men for enkjer lèt han grensesteinen stå.


26  Herren avskyr tankane til den vonde,

men venlege ord er reine.


27 Den som jaktar på vinning, set huset over styr,

den som nektar å la seg kjøpa, skal leva.


28 Den rettferdige tenkjer før han talar,

men vondskap strøymer frå munnen på urettferdige.


29  Herren er langt borte frå dei urettferdige,

men han høyrer bøna frå dei rettferdige.


30 Strålande auge gleder hjartet,

god bodskap gjev merg i bein.


31 Den som høyrer på rettleiing om livet,

får plass blant dei vise.


32 Den som ikkje tek imot formaning, foraktar seg sjølv,

den som lèt seg visa til rette, kjøper seg innsikt.


33 Frykt for Herren oppdreg til visdom,

å vera audmjuk er vegen til ære.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.