Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Salomos ordtak

16 

1 Menneskehjartet legg sine planar,

men svaret på tunga kjem frå Herren.


2 Ein mann kan synast at hans ferd er rein,

men Herren prøver tankane.


3 Legg alt du gjer, i Herrens hand,

så skal planane dine lukkast.


4  Herren skapte alt for eit føremål,

jamvel den urettferdige for ulukkedagen.


5  Herren avskyr den som har eit hovmodig hjarte,

når tida er inne, blir han straffa.


6 Med miskunn og truskap blir skuld sona,

den som fryktar Herren, vender seg bort frå det vonde.


7 Den som går vegar som gleder Herren,

får fred jamvel med fiendane sine.


8 Betre å ha lite med rettferd

enn å få stor vinning med urett.


9 I hjartet tenkjer mannen ut sin veg,

men det er Herren som styrer stega hans.


10 På kongens lepper er rette svar,

han sviktar ikkje når han dømmer.


11 Rett vekt og vektskål er Herrens sak,

kvart vektlodd i pungen er hans verk.


12 Kongar avskyr lovlaus gjerning,

for ved rettferd skal trona tryggjast.


13 Ærlege lepper er til glede for kongen,

han elskar den som talar rett.


14 Kongens harme ber bod om død,

men ein vis kan stilla harmen.


15 Når kongens andlet lyser, er livet berga.

Hans velvilje er som ei sky med vårregn.


16 Å kjøpa visdom er betre enn gull,

å kjøpa innsikt er meir verdt enn sølv.


17 Vegen for dei rettskafne er å venda seg bort frå det vonde,

den som aktar på si ferd, tek vare på livet.


18 Stormod kjem føre samanbrot,

hovmod føre fall.


19 Betre å vera audmjuk med dei fattige

enn å dela bytte med dei stolte.


20 Den som handlar forstandig, skal finna det gode,

sæl er den som lit på Herren.


21 Klok kallar dei den som har visdom i hjartet,

veltalande tunge gjev større lærdom.


22 Den som har vit, har ei kjelde til liv,

det er dumt å formana den dumme.


23 Hjartet til den vise gjer munnen hans klok,

legg meir og meir lærdom på leppene hans.


24 Venlege ord er drypande honning,

søte for sjela og sunne for kroppen.


25 Ein veg som synest vera den rette,

kan likevel enda i døden.


26 Svolten får arbeidaren til å slita,

hungeren driv han fram.


27 Eit vondsinna menneske grev opp vondskap,

på leppene hans brenn det som eld.


28 Ein som er svikefull, valdar trette,

den som baktalar andre, skil ven frå ven.


29 Valdsmannen lokkar sin neste

og fører han inn på ein veg som ikkje er god.


30 Han knip att auga, pønskar på svik;

han pressar leppene saman og set det vonde i verk.


31 Grått hår er ei fager krone,

på rettferds veg er ho å finna.


32 Betre å vera sein til vreide enn å vera krigshelt,

betre å styra sitt sinn enn å ta ein by.


33 Dei rister terningen i fanget,

korleis han fell, avgjer Herren.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.