Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Salomos ordtak

17 

1 Betre er ein tørr brødbit i ro og fred

enn huset fullt av festmat og krangel.


2 Ein forstandig slave blir herre over ein duglaus son

og får del i arven med brørne hans.


3 Sølv prøver ein i digelen og gull i smelteomnen,

men Herren prøver hjarta.


4 Den som gjer vondt, lyttar til vonde tunger,

løgnaren høyrer på skadeleg snakk.


5 Den som spottar den fattige, håner hans skapar,

den som gleder seg over ulukke, slepp ikkje straff.


6 Barneborn er ei krone for dei gamle,

og borna er stolte av fedrane sine.


7 Å bruka store ord sømer seg ikkje for ein dåre,

løgn endå mindre for ein stormann.


8 Den som gjev stikkpengar, trur han har ein lukkestein,

kvar han vender seg, går det han godt.


9 Den som dekkjer over eit feilsteg, legg vinn på venskap,

den som ber det vidare, skil ven frå ven.


10 Åtvaring bit betre på den kloke

enn hundre slag på dåren.


11 Den som er vond, søkjer berre opprør,

men eit nådelaust sendebod kjem imot han.


12 Det er betre å møta ei binne som har mista ungane sine,

enn å møta ein dåre i hans dårskap.


13 Løner nokon godt med vondt,

vik ulukka aldri frå huset hans.


14 Den som byrjar ein krangel, opnar for ein flaum.

Hald opp før tretta bryt laus!


15 Å frikjenna ein skuldig

og å dømma ein som har rett

Herren avskyr begge delar.


16 Kva hjelper pengar i handa på dåren?

Kan han kjøpa visdom når han ikkje har vit?


17 Ein ven viser alltid kjærleik,

ein bror er fødd til å hjelpa i naud.


18 Vitlaus er den som gjev handslag

og kausjonerer for nesten sin.


19 Den som likar trette, likar synd;

den som gjer døra høg, søkjer samanbrot.


20 Eit falskt hjarte finn ikkje det gode,

ei svikefull tunge fører i ulukke.


21 Sorg får den som har ein dåre til son,

far til ein narr har inga glede.


22 Glede i hjartet gjev god helse,

mismot tærer på kroppen.


23 Den urettferdige tek imot gåver frå lomma

for å vrengja rettens veg.


24 Den kloke har visdom for auge,

dårars blikk flakkar til enden av jorda.


25 Ein uvitug son gjer far sin sint,

er til beisk sorg for henne som fødde han.


26 Det er gale å gje ein rettferdig bøter,

verre å slå stormenn fordi dei er rettskafne.


27 Klok er den som sparer på orda,

den forstandige held hovudet kaldt.


28 Sjølv den dumme blir rekna for vis når han teier,

og klok så lenge han held munn.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.