Gi hjerteStøtt nettbibelen
Gå til forsiden

Salomos ordtak

20 

1 Vinen er ein spottar,

sterk drikk er ein skrålhals,

vitlaus er den som ravar i rus.


2 Når kongen trugar, er det som løvebrøl,

den som gjer han sint, set livet på spel.


3 Å halda seg frå trette er ei ære for mannen,

den som er dum, yppar til strid.


4 Den late vil ikkje pløya om hausten,

han ventar avling, men får inga.


5 Som djupt vatn er tankane i menneskehjartet,

den som har vit, kan ausa av dei.


6 Mange ropar om sin eigen truskap,

men kvar finst den ein kan lita på?


7 Den rettferdige er heil i si ferd,

heldige er borna etter han.


8 Ein konge som sit i dommarsetet,

skil ut alt vondt med sitt blikk.


9 Kven kan seia: «Eg har halde hjartet reint,

eg er reinsa for synd»?


10 To slag vekt og to slag mål,

Herren avskyr dei begge.


11 Jamvel ein ung gut viser i handling

om det han gjer, er reint og rett.


12 Øyret som høyrer, og auget som ser,

Herren har skapt dei begge.


13 Elsk ikkje søvnen, for då blir du fattig,

lat opp auga og et deg mett.


14 «Berre skrap», seier kjøparen,

men når han går bort, er han fornøgd med seg sjølv.


15 Det finst gull og perler i mengd,

men klok tale er eit sjeldsynt smykke.


16 Ta kleda frå den som har kausjonert for ein framand,

ta dei i pant for dei ukjende!


17 Brød frå løgn smakar godt,

men sidan fyllest munnen med grus.


18 Om ein held råd, lukkast planane.

Legg planar før du fører krig!


19 Den som baktalar, røper det hemmelege,

hald ikkje lag med den som er lausmunna!


20 Den som forbannar far sin og mor si,

hans lampe skal slokna når mørkret kjem.


21 Ein arv som ein riv til seg for tidleg,

gjev inga velsigning til slutt.


22 Sei ikkje: «Eg vil gjengjelda det vonde.»

Vent på Herren, så hjelper han deg!


23  Herren avskyr to slag lodd,

falsk vekt er ikkje av det gode.


24 Det er Herren som styrer mannens steg.

Korleis kan mennesket skjøna sin veg?


25 Det er ei snare for mennesket å gje heilage lovnader

før ein har tenkt seg om.


26 Den vise kongen skil ut dei urettferdige

og lèt hjulet rulla over dei.


27 Ånda hos mennesket er ei Herrens lampe,

ho ransakar alle rom i hans indre.


28 Miskunn og truskap er eit vern om kongen,

han stør si trone på miskunn.


29 Styrke er ein prydnad for dei unge

og grått hår ei ære for dei gamle.


30 Sviande sår reinsar bort det vonde,

slag reinsar dei inste rom.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.