Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Salomos ordtak

24 

1 Misunn ikkje vonde menneske,

lengt ikkje etter å vera saman med dei!

2 For hjartet deira tenkjer på vald,

og leppene talar om ulukke.


3 Med visdom blir huset bygd,

og med innsikt blir det reist.

4 Med kunnskap blir romma fylte

av dyre og fine skattar.

5 Ein mann som er vis, har styrke,

den som har kunnskap, er full av kraft.

6 Legg planar før du fører krig,

når mange gjev råd, vinn du siger.


7 Visdomen heng for høgt for den dumme,

i byporten opnar han ikkje sin munn.

8 Den som legg vonde planar,

blir kalla renkesmed.

9 Påfunna til den dumme er synd,

spottaren møter avsky blant folk.


10 Mistar du motet på den dagen du er i naud,

har du òg mista din styrke.

11 Berg dei som blir førte til døden,

hald att dei som vaklar mot rettarstaden!

12 Seier du: «Vi visste det ikkje»,

så ser han det, han som prøver hjarta.

Han som vaktar livet ditt, veit det

og gjev kvar og ein att etter det han har gjort.


13 Et honning, son min, for den er god,

flytande honning er søt for ganen.

14 Og vit at slik er visdomen for sjela.

Finn du den, har du ei framtid,

ditt håp er ikkje ute.


15 Ligg ikkje på lur som ein urettferdig

der den rettferdige bur,

legg ikkje heimen hans øyde!

16 Sju gonger kan den rettferdige falla

og reisa seg att,

men dei urettferdige snublar i det som er vondt.

17 Gled deg ikkje når fienden din fell,

hjartet skal ikkje jubla når han snublar.

18 Då vil Herren sjå på det med uvilje

og venda vreiden sin bort frå han.

19 Ver ikkje harm på dei som gjer vondt,

og misunn ikkje dei lovlause!

20 For dei vonde har inga framtid,

lampa til dei urettferdige sloknar.


21 Frykt Herren og kongen, son min!

Slå deg ikkje saman med dei som vil forandra.

22 For brått kan ulukka ramma dei.

Kven veit kva slag øydelegging dei to kan senda?

Fleire ord frå dei vise

23 Dette òg er ord av dei vise:


Det er gale å gjera skilnad på folk i retten.

24 Seier nokon til ein skuldig:

«Du er uskuldig»,

vil folk forbanna han

og folkeslag fordømma han.

25 Men dei som dømmer rett, går det vel,

lukke og velsigning kjem over dei.


26 Eit ærleg svar

er eit kyss på leppene.

27 Fullfør arbeidet ute,

gjer deg ferdig på åkeren,

så kan du byggja deg hus.


28 Ver ikkje utan grunn vitne mot nesten din,

så du svik han med leppene dine.

29 Sei ikkje: «Som han har gjort mot meg,

slik vil eg gjera mot han;

eg vil gje han att etter det han har gjort.»


30 Eg gjekk forbi ein lat manns åker,

langs vinmarka til eit menneske utan forstand.

31 Sjå, der var det fullt av nesler,

grunnen var overgrodd med tistlar,

og steingjerdet var nedrive.

32 Eg la merke til dette og la meg det på hjartet,

eg tok lærdom av det eg såg.

33 «Litt søvn, litt kvile

med hendene i fanget,

34 så kjem fattigdomen på deg som farande fant

og nauda som velvæpna mann.»

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.