Gi hjerteStøtt nettbibelen
Gå til forsiden

Salomos ordtak

28 

1 Den urettferdige rømmer

om ingen er etter han,

den rettferdige er uredd som ei ungløve.

2 Eit land i opprør skifter ofte leiarar,

men under ein klok og forstandig mann har det ro og orden.

3 Ein stormann som undertrykkjer fattige,

han er styrtregn som skyl bort brødkornet.

4 Dei som går bort frå lova, prisar den urettferdige,

dei som held lova, går til strid imot dei.

5 Dei vonde skjønar ikkje kva som er rett,

men dei som søkjer Herren, skjønar alt.

6 Betre å vera fattig og heil i si ferd

enn å vera rik og gå krokvegar.

7 Den som held seg etter lova, er ein klok son;

den som held lag med fråtsarar, fører skam over far sin.

8 Den som aukar sin rikdom ved rente og avgift,

samlar til den som tek seg av dei fattige.

9 Når nokon vender øyret bort

og ikkje vil høyra på lova,

blir sjølv bøna hans avskyeleg.

10 Den som fører dei rettskafne på vonde vegar,

han fell i si eiga grav,

men den som er heil, får ein god arv.

11 Den rike er vis i eigne auge,

ein fattig med innsikt ser kva som bur i han.

12 Når dei rettferdige jublar,

er det herlegdom og glans;

når dei urettferdige får makt,

held folk seg borte.

13 Den som skjuler syndene sine,

skal ikkje lukkast;

den som vedkjenner og vender seg frå dei,

han finn miskunn.

14 Sæl er den som alltid fryktar,

men den som gjer hjartet hardt, fell i ulukke.

15 Som brølande løve og slagbjørn i sprang

er ein urettferdig herskar for eit fattig folk.

16 Ein uforstandig fyrste

aukar undertrykkinga;

den som hatar urett vinning,

får leva lenge.

17 Den som er tyngd av blodskuld,

er på flukt heilt til grava,

ingen må hjelpa han.

18 Den som er heil i si ferd, blir berga,

men den som går krokvegar, fell i grava.

19 Den som dyrkar si jord, kan eta seg mett,

den som jagar etter fåfengde ting, skal mettast med fattigdom.

20 Den trufaste får stor velsigning,

den som vil bli rik i ein fart, skal få si straff.

21 Det er gale å gjera skilnad på folk,

ein kan gjera seg til brotsmann for ein brødbit.

22 Den gjerrige har det travelt med å vinna rikdom,

han skjønar ikkje

at han kjem til å lida naud.

23 Den som viser nokon til rette,

får sidan større takk

enn den som har ei glatt tunge.

24 Den som plyndrar far sin og mor si

og seier: «Det er ikkje synd»,

han er jamgod med øydeleggjaren.

25 Den grådige valdar trette,

den som stolar på Herren, blir mett.

26 Den som stolar på sitt eige vit, er ein dåre,

den som ferdast med visdom, bergar seg.

27 Den som gjev til dei fattige, lid aldri naud,

men den som vender auga bort,

blir forbanna av mange.

28 Når dei urettferdige får makt, held folk seg borte,

når dei går til grunne, blir dei rettferdige mange.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.