Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Salomos ordtak

9

Visdom og dårskap bed inn til fest

1 Visdomen har bygd seg hus

og hogge til sine sju søyler.

2 Ho har slakta fe og blanda vin,

og ho har dekt på bordet.

3 Ho har sendt tenestejentene ut,

ho ropar oppe frå høgdene i byen:

4 «Du som er urøynd, vend deg hit!»

Til den vitlause seier ho:

5 «Kom og et av maten min

og drikk av vinen eg har blanda.

6 Lat vitløysa fara, så skal de leva,

gå fram på den vegen forstanden viser!»


7 Den som åtvarar ein spottar, får skam,

den som går i rette med ein urettferdig, lid skade.

8 Gå ikkje i rette med spottaren, då hatar han deg,

gå i rette med den vise, så elskar han deg.

9 Gjev til den vise, så blir han visare,

lær den rettferdige, så aukar han sin lærdom.

10 Å frykta Herren er opphav til visdom,

å ha den kunnskap dei heilage har, er forstand.

11 Ved meg skal dine dagar bli mange,

og du får fleire leveår.

12 Er du vis, blir din visdom til nytte for deg,

spottar du, må du lida for det sjølv.


13 Dårskapen er ei rastlaus kvinne,

vitlaus er ho og forstår ikkje noko.

14 Ho sit utfor husdøra si,

har sitt sete høgt oppe i byen.

15 Ho ropar til alle som går forbi,

dei som går beint fram på vegen:

16 «Du som er urøynd, vend deg hit!»

Til den vitlause seier ho:

17 «Stole vatn smakar godt,

herleg er maten ein et i løynd.»

18 Men han skjønar ikkje

at det er daudingar der,

at gjestene hennar er frå djupaste dødsriket.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.