Gi hjerteStøtt nettbibelen
Gå til forsiden

Salmane

103 

1 Av David.


Velsign Herren, mi sjel!

Alt som i meg er,

velsign hans heilage namn.

2 Velsign Herren, mi sjel!

Gløym ikkje alt det gode han gjer.


3 Han tilgjev all di skuld

og lækjer alle dine sjukdomar.

4 Han friar ditt liv frå grava

og kronar deg med miskunn og kjærleik.


5 Han mettar ditt liv med det gode,

du blir ung att som ørna.

6  Herren skaper rettferd,

han lèt alle undertrykte få sin rett.


7 Han kunngjorde sine vegar for Moses,

sine gjerningar for Israels folk.

8 Mild og nådig er Herren,

sein til vreide og rik på miskunn.


9 Han kjem ikkje med klagemål for alltid

og er ikkje for evig harm.

10 Han gjer ikkje gjengjeld for våre synder,

han løner oss ikkje etter vår skuld.


11 Så høg som himmelen er over jorda,

så veldig er hans miskunn over dei som fryktar han.

12 Så langt som aust er frå vest,

tek han syndene våre bort frå oss.


13 Som ein far er mild med sine born,

er Herren mild med dei som fryktar han.

14 For han veit korleis vi er skapte,

han kjem i hug at vi er støv.


15 Dagane mennesket får, er som gras,

det blømer som blomen på marka.

16 Når vinden fer over han, er han borte,

staden han stod på, veit ikkje lenger av han.


17 Men Herrens miskunn er frå æve til æve

over dei som fryktar han.

Hans rettferd når til barneborn,

18 til dei som held hans pakt

og kjem i hug hans bod,

så dei følgjer dei.


19  Herren har reist si trone i himmelen,

han rår som konge over alt.

20 Velsign Herren, de hans englar,

de sterke heltar som lydige set hans ord i verk.

21 Velsign Herren, alle hans hærar,

de tenarar som set hans vilje i verk.

22 Velsign Herren, alle hans skapningar,

overalt der han rår.

Velsign Herren, mi sjel!

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.