Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Salmane

124 

1 Ein song til festreisene. Av David.


Hadde ikkje Herren vore med oss,

skal Israel seia,

2 hadde ikkje Herren vore med

då menneske reiste seg mot oss,

3 så hadde dei slukt oss levande

då vreiden deira flamma opp,

4 så hadde vatnet skylt over oss,

flaumen hadde strøymt over oss,

5 så hadde det veldige vatnet

strøymt over oss.


6 Velsigna er Herren

som ikkje gav oss til rov for deira tenner!

7 Vi slapp fri som fuglen frå jegerens snare.

Snara rauk, og vi slapp fri.

8 Vår hjelp er i Herrens namn,

han som skapte himmel og jord.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.