Gå til forsiden

Salmane

125 

1 Ein song til festreisene.


Dei som set si lit til Herren,

er som Sion-fjellet;

det skal aldri rokkast, men stå til evig tid.

2 Fjell omgjev Jerusalem, Herren omgjev sitt folk

frå no og til evig tid.


3 Urettferdig kongsstav skal ikkje kvila

over landet dei rettferdige arva,

for då kunne den rettferdige lyfta handa til urett.


4  Herre, gjer godt mot dei gode,

mot dei som har eit ærleg hjarte.

5 Men Herren sender frå seg

dei som går krokvegar,

og dei som gjer urett.

Fred over Israel!

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.