Gå til forsiden

Salmane

139 

1 Til korleiaren. Av David. Ein salme.


Herre, du ransakar meg og du veit –

2 du veit om eg sit eller står,

på lang avstand kjenner du mine tankar.

3 Om eg går eller ligg, ser du det,

du kjenner alle mine vegar.

4 Før eg har eit ord på tunga, Herre,

kjenner du det fullt ut.

5 Bakfrå og framanfrå omgjev du meg,

du har lagt di hand på meg.

6 Det er eit under eg ikkje skjønar,

det er så høgt at eg ikkje kan fatta det.


7 Kvar skulle eg gå frå din pust,

kvar kunne eg rømma frå ditt andlet?

8 Stig eg opp til himmelen, er du der,

legg eg meg i dødsriket, er du der òg.

9 Tek eg soloppgangens venger

og slår meg ned der havet endar,

10 då fører di hand meg jamvel der,

di høgre hand held meg fast.

11 Eg kan seia: «Lat mørkret løyna meg

og lyset omkring meg bli natt.»

12 Men mørkret er ikkje mørkt for deg,

natta er lys som dagen, mørkret er som lyset.


13 For du har skapt mine nyrer,

du har vove meg i mors liv.

14 Eg takkar deg for at eg er så underfullt laga.

Underfulle er dine verk, det veit eg godt.

15 Knoklane mine var ikkje skjulte for deg

då eg vart laga i løynd og voven djupt i jorda.

16 Auga dine såg meg då eg var eit foster.

Alle dagar er skrivne opp i di bok,

dei fekk form før éin av dei var komen.

17 Dine tankar, Gud, er dyrebare for meg,

summen av dei er ufatteleg!

18 Tel eg dei, er dei tallause som sand,

blir eg ferdig, er eg enno hos deg.


19 Gud, om du ville drepa den lovlause,

om drapsmennene veik frå meg!

20 Dei talar svikefullt om deg,

fiendane dine sver falskt.

21  Herre, eg hatar dei som hatar deg,

og avskyr dei som står deg imot!

22 Eg hatar dei med eit grenselaust hat,

dei har vorte mine fiendar.

23 Ransak meg, Gud, og kjenn mitt hjarte,

prøv meg og kjenn mine tankar!

24 Sjå om eg følgjer avgudsveg,

og lei meg på den evige vegen!

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.