Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Salmane

140 

1 Til korleiaren. Ein salme av David.


2 Fri meg, Herre, frå vonde menneske,

vern meg mot valdsmenn,

3 dei som tenkjer ut vonde planar i hjartet

og dagleg eggjar til strid.

4 Dei gjer tunga kvass som slangen,

under leppene har dei ormegift. Sela


5 Vakta meg, Herre, for handa til lovlause,

vern meg mot valdsmenn som vil setja krokfot.

6 Dei stolte set snarer,

attmed stigen spenner dei snorer og nett,

dei set feller for meg. Sela


7 Eg seier til Herren: Du er min Gud,

Herre, vend øyret til mitt rop om nåde!

8  Gud Herre, min sterke frelsar,

du vernar hovudet mitt i kamp.

9  Herre, gjev ikkje dei urettferdige det dei ønskjer,

lat ikkje planane deira lukkast! Sela


10 Dei som samlar seg rundt meg, lyfter hovudet.

Lat uretten dei har på leppene, dyngja dei ned!

11 Lat gloande kol regna over dei,

lat dei falla i djupe groper

så dei ikkje reiser seg meir.

12 Lat ikkje vonde tunger bli verande i landet.

Lat ulukke jaga valdsmannen og slå han ned.


13 Eg veit at Herren fører sak for hjelpelause

og skaper rett for fattige.

14 Dei rettferdige prisar ditt namn,

dei rettvise får bu hos deg.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.