Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Salmane

148 

1 Halleluja!

Lovsyng Herren frå himmelen,

lov han i det høgste!

2 Lov han, alle hans englar,

lov han, heile hans hær!


3 Lov han, sol og måne,

lov han, alle lysande stjerner!

4 Lov han, du høgste himmel,

og vatnet over himmelen!


5 Dei skal lova Herrens namn,

for han baud, og dei vart skapte.

6 Han gav dei sin stad for alltid,

fastsette ei ordning som ikkje forgår.


7 Lovsyng Herren frå jorda,

store sjødyr og alle havdjup,

8 eld og hagl, snø og skodd,

stormvind som set hans ord i verk,

9 fjell og alle haugar,

frukttre og alle sedrar,

10 ville dyr og alt fe,

krypdyr og fuglar med venger,

11 kongar på jorda og alle folk,

stormenn og alle styresmenn på jord,

12 unge menn og jenter,

gamle folk og gutar!


13 Dei skal lova Herrens namn,

berre hans namn er opphøgt.

Hans herlegdom er over himmel og jord.


14 Han har reist opp eit horn av kraft for sitt folk

til ære for alle sine trugne,

for Israel, folket som er han nær.

Halleluja!

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.