Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Salmane

149 

1 Halleluja!

Syng ein ny song for Herren,

lovsyng han der dei trugne er samla.

2 Israel skal gleda seg over sin skapar,

Sions søner jubla for sin konge!

3 Dei skal prisa hans namn med dans

og spela for han med pauke og lyre.


4 For Herren har hugnad i sitt folk,

han kronar dei hjelpelause med siger.

5 Dei trugne skal jubla med ære

og ropa av fagnad på sitt leie.

6 Dei har lovsong til Gud i sin munn

og tvieggja sverd i handa.

7 Dei vil ta hemn over folka

og refsa folkeslag,

8 binda kongane deira med lenkjer

og stormennene med jernband.

9 Dei skal halda dom over dei, så som det står skrive,

til ære for alle hans trugne.

Halleluja!

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.