Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Salmane

17 

1 Ei bøn av David.


Høyr, Herre, lat mi rettferd tala,

lytt til mi bøn, høyr når eg ropar,

leppene mine er utan svik.


2 Frå deg må retten min koma,

dine auge ser jo kva som er rett!

3 Prøv mitt hjarte,

gransk det om natta,

prøv meg med eld!

Du finn ikkje noko skammeleg hos meg.

Min munn syndar ikkje.

4 Kva menneska enn gjorde,

vakta eg meg for vegen valdsmenn går,

etter ditt ord.

5 Stødig gjekk eg i dine spor,

føtene vakla ikkje.


6 Gud, eg ropar til deg, du som svarar.

Vend øyret til meg og høyr mine ord!

7 Vis di underfulle miskunn!

Du frelser dei som flyr frå fiendar

og søkjer tilflukt ved di høgre hand.


8 Vakta meg som din augnestein,

gøym meg i skuggen av dine venger

9 for lovlause som plyndrar meg,

for dødsfiendar som kringset meg.

10 Sitt harde hjarte har dei late att,

med munnen talar dei hovmodige ord.

11 No omringar dei oss kvar vi går,

dei tenkjer å slå meg til jorda.


12 Han liknar ei rovgrisk løve,

ei ungløve som ligg på lur.

13 Reis deg, Herre!

Gå imot han og tving han i kne!

Fri meg frå den lovlause med ditt sverd,

14  Herre, fri meg frå menneske med di hand,

frå menneske i verda

som har fått si løn i livet.

Fyll magen deira med det du har tiltenkt dei,

så sønene blir mette

og lèt resten gå til sine born!


15 Men frikjend skal eg få sjå ditt andlet.

Når eg vaknar, skal eg mettast ved synet av deg.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.