Gå til forsiden

Salmane

18 

1 Til korleiaren. Av Herrens tenar David, som sa fram orda i denne songen for Herren Herren hadde berga han frå alle fiendane hans og frå Saul. 2 Han sa:


Herre, du min styrke, eg har deg kjær.

3  Herren er mitt berg og mi borg og min utfriar,

min Gud er fjellet der eg søkjer tilflukt.

Han er mitt skjold og mi frelse,

min styrke og mitt vern.

4 Eg ropa til Herren, han som får lovsong,

og eg vart frelst frå mine fiendar.


5 Dødens band snørte seg om meg,

malstraumane skremde meg.

6 Dødsrikets band vart spente om meg,

dødens snarer venta meg.


7 I mi naud kalla eg på Herren,

eg ropa til min Gud.

Han høyrde meg frå sitt tempel,

mitt rop nådde hans øyre.


8 Då skalv og skaka jorda,

grunnvollane under fjella riste,

dei skalv fordi han var harm.

9 Røyk steig opp or hans nase,

øydande eld or hans munn,

gneistar loga opp frå han.

10 Han bøygde himmelen og steig ned,

under føtene hans var mørke skyer.


11 Han reid på kjeruben, han flaug

og stupte ned på vindens venger.

12 Han gjorde mørkret til si gøymsle,

eit telt av svarte, regntunge skyer.

13 Frå stråleglansen framfor han fór hagl,

or skyene kom gloande kol.


14  Herren torna i himmelen,

Den høgste lét røysta lyda.

Hagl og gloande kol!

15 Han skaut sine piler og spreidde dei,

han skremde dei med lyn.

16 Rennene på havbotnen kom til syne,

grunnvollane under jorda viste seg

då du truga, Herre,

då du fnyste av vreide.


17 Han rette ut handa frå det høge og greip meg,

drog meg opp or veldige vatn.

18 Han berga meg frå min mektige fiende

då dei som hata meg, var for sterke.

19 På ulukkedagen kom dei imot meg,

men Herren var mi støtte.

20 Han førte meg ut i ope land

og fria meg ut, for han har si glede i meg.


21  Herren gav meg att for mi rettferd,

han lønte meg, for mine hender var reine.

22 Eg hadde halde meg til Herrens vegar

og ikkje gjort meg skuldig i urett mot min Gud.

23 Alle hans lover hadde eg for auga,

hans forskrifter støytte eg ikkje frå meg.

24 For han var eg heil i mi ferd,

eg akta meg vel for å synda.


25  Herren lønte meg for mi rettferd

då han såg at hendene mine var reine.

26 Du er trufast mot den som er tru

og heilhjarta mot den som er heil.

27 Du viser deg rein mot den som er rein,

men vrang mot den som fer med svik.

28 Du frelser eit folk i naud,

men audmjukar stolte auge.


29  Herre, du tenner mi lampe,

min Gud lyser opp mitt mørker.

30 Med deg kan eg storma mot ein krigarflokk,

med Guds hjelp kan eg springa over murar.

31 Guds veg er fullkomen, Herrens ord er reint.

Han er eit skjold for alle som søkjer tilflukt hos han.


32 For kven er Gud om ikkje Herren,

kven er eit berg om ikkje vår Gud,

33 den Gud som kler meg i styrke

og gjer mi ferd heil.

34 Han gjev meg føter som ei hind

og lèt meg stå på høgdene.

35 Han lærer opp hendene mine til krig,

armane spenner bogen av bronse.


36 Du gjev meg di frelse til skjold,

med di høgre hand stør du meg.

Du bøyer deg ned og gjer meg stor.


37 Du opnar veg for mine steg,

anklane mine vaklar ikkje.

38 Eg jagar mine fiendar og tek dei att,

eg snur ikkje før eg har gjort ende på dei.

39 Eg knuser dei så dei ikkje kan reisa seg,

men ligg falne under mine føter.


40 Du kler meg med styrke til krigen

og tvingar mine motstandarar i kne.

41 Du slår mine fiendar på flukt,

eg utryddar dei som hatar meg.

42 Dei ropar, men det er ingen frelsar,

dei ropar til Herren, men han svarar dei ikkje.

43 Eg knuser dei til støv for vinden,

eg trakkar dei ned som søle i gata.


44 Du bergar meg frå folk i strid.

Du set meg til hovding over folkeslag.

Folk eg ikkje kjende, må tena meg.

45 Dei lyder berre dei høyrer om meg.

Framande kryp for meg.

46 Dei framande visnar,

skjelvande kjem dei ut or sine borger.


47  Herren lever!

Velsigna er mitt berg!

Opphøgd er Gud, min frelsar,

48 Gud lèt meg få hemn,

han legg folkeslag under meg.

49 Han friar meg frå mine fiendar.

Du lyfter meg over dei som står imot meg,

og bergar meg frå valdsmenn.


50 Difor vil eg prisa deg mellom folka, Herre,

og lovsyngja ditt namn.

51 Han gjev sin konge store sigrar,

han viser miskunn mot den han har salva,

mot David og hans ætt til evig tid.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.