Gå til forsiden

Salmane

19 

1 Til korleiaren. Ein salme av David.


2 Himmelen kunngjer Guds ære,

kvelven fortel om det hans hender har gjort.

3 Dagen lèt sin tale strøyma til neste dag,

natt gjev sin kunnskap til natt.

4 Det er ikkje tale og ikkje ord.

Stemmene kan ikkje høyrast.

5 Men dei når ut over heile jorda,

orda når dit verda endar.


I himmelen har han reist eit telt for sola,

6 lik ein brudgom går ho ut av sitt kammer.

Ho gler seg som ein helt til å springa i sin bane.

7 Ho gjer sin rundgang frå himmelrand til himmelrand,

ingen ting er løynd for hennar glød.


8  Herrens lov er fullkomen,

ho gjer livet nytt.

Herrens vitnemål står fast,

det gjer den uvitande vis.

9  Herrens påbod er rette,

dei gjer hjartet glad.

Herrens bod er klårt,

det gjev auga lys.

10 Frykta for Herren er rein,

ho varer til evig tid.

Herrens dommar er sanne,

rettferdige er dei alle.

11 Dei er meir verde enn gull,

skinande gull i mengd,

dei er søtare enn honning,

ny og rennande honning.


12 Gjennom dei får din tenar åtvaring.

Det gjev stor løn å halda dei.

13 Kven kjenner sine eigne feilsteg?

Frikjenn meg for dei eg ikkje veit om.

14 Spar din tenar for hovmod,

lat det ikkje få meg i si makt!

Då er eg heil og fri for store synder.


15 Måtte orda frå min munn og tankane i mitt hjarte

vera til glede for deg, Herre,

min utløysar og mitt berg!

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.