Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Salmane

20 

1 Til korleiaren. Ein salme av David.


2 Måtte Herren svara deg den dagen du er i naud!

Måtte namnet til Jakobs Gud verna deg.

3 Måtte han senda hjelp frå heilagdomen

og gje deg støtte frå Sion.

4 Måtte han minnast alle dine gåver

og ta imot ditt brennoffer. Sela

5 Måtte han gje deg det hjartet ditt ønskjer,

og oppfylla alle dine planar,

6 så vi kan jubla over di frelse

og lyfta banneret i vår Guds namn.

Måtte Herren oppfylla alle dine bøner!


7 No veit eg at Herren bergar den han har salva.

Han svarar han frå sin heilage himmel,

gjer storverk og frelser med si høgre hand.

8 Somme lit på vogner og somme på hestar,

vi lit på namnet til Herren vår Gud.

9 Dei sig i kne og fell,

men vi reiser oss og held oss rake.

10  Herre, frels!

Måtte kongen svara oss den dagen vi ropar.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.