1 Ein salme av David.
Jorda og det som fyller henne, høyrer Herren til,
verda og dei som bur der, er hans.
2 For han har grunnlagt jorda på havet,
grunnfest henne på strøymande vatn.
3 «Kven kan gå opp på Herrens fjell,
kven får stå på hans heilage stad?»
4 «Den som har skuldfrie hender og eit reint hjarte,
som ikkje lengtar etter løgn og ikkje gjer falsk eid.
5 Han blir velsigna av Herren
og får rettferd frå Gud, sin frelsar.»
6 «Dette er ei slekt som spør etter han,
som søkjer ditt andlet, Jakobs Gud.» Sela
7 «Lyft dykkar hovud, de portar,
ja, lyft dykk, de eldgamle dører,
så kongen, den herlege, kan koma inn!»
8 «Kven er då kongen, den herlege?»
« Herren, sterk og mektig,
Herren, mektig i strid.»
9 «Lyft dykkar hovud, de portar,
ja, lyft dykk, de eldgamle dører,
så kongen, den herlege, kan koma inn!»
10 «Kven er han då, kongen, den herlege?»
« Herren Sebaot, han er kongen, den herlege.» Sela