Gi hjerteStøtt nettbibelen
Gå til forsiden

Salmane

35 

1 Av David.


Herre, strid mot dei som strider mot meg.

Kjemp mot dei som kjempar mot meg!

2 Grip rundskjold og langskjold,

reis deg og hjelp meg!


3 Ta spyd og stridsøks fram

mot dei som jagar meg.

Sei til meg: «Eg er di frelse!»


4 Lat dei som står meg etter livet,

bli til spott og skam.

Lat dei som tenkjer ut vondt imot meg,

dra seg attende med skam!

5 Gjev dei må bli som agner for vinden

når Herrens engel støyter dei bort.

6 Gjev deira veg blir mørk og glatt

når Herrens engel jagar dei.


7 For utan grunn har dei spent ut sitt garn,

utan grunn har dei grave ei fallgrav for meg.

8 Måtte ulukka koma uventa over han.

Måtte garnet han spente ut, fanga han sjølv.

Måtte han falla i ulukke!


9 Men eg skal jubla i Herren

og gleda meg over hans frelse.

10 Kvart bein i kroppen skal seia:

« Herre, kven er som du,

du bergar den hjelpelause

frå den som er sterkare enn han,

ein fattig stakkar

frå den som ranar han.»


11 Falske vitne reiser seg,

dei spør meg om slikt eg ikkje veit.

12 Dei løner godt med vondt,

eg sit att åleine.


13 Men eg kledde meg i sekkestrie då dei var sjuke.

Eg plaga meg med faste

og bad med hovudet bøygd

14 som for ein ven eller bror.

Lik ein som sørgjer over mor si,

gjekk eg nedbøygd i svarte klede.


15 Men når eg snåvar,

blir dei glade og samlar seg.

Dei samlar seg mot meg for å slå

utan at eg veit om det,

dei riv og slit utan stans.

16 Ugudelege som dei er,

spottar og håner dei,

dei skjer tenner mot meg.


17 Herre, kor lenge vil du sjå på?

Berg mitt liv frå herjingane deira,

det einaste eg har, frå løvene!

18 Eg vil prisa deg i den store forsamlinga,

i folkemengda vil eg lova deg.


19 Lat ikkje mine svikefulle fiendar

gleda seg over meg!

Dei som hatar meg utan grunn,

skal ikkje få senda meg hånlege blikk.

20 For dei talar ikkje venleg,

men tenkjer ut svikefulle planar

mot dei stille i landet.

21 Dei sperrar opp munnen imot meg

og ler hånleg: «Vi har sett det med eigne auge!»


22 Du ser det, Herre. Tei ikkje!

Herre, ver ikkje langt borte frå meg!

23 Vakna og hjelp meg til min rett,

min Gud og Herre, før mi sak!

24 Døm meg etter di rettferd, Herre, min Gud.

Lat dei ikkje gleda seg over meg!


25 Dei skal ikkje le og tenkja: «Som vi ønskte!»

Dei skal ikkje seia: «Vi har slukt han.»

26 Alle som gler seg over mi ulukke,

skal bli til spott og skam.

Dei som ser ned på meg,

skal kle seg i skam og vanære.


27 Dei som bryr seg om min rett,

skal jubla og gleda seg.

Alltid skal dei seia: «Stor er Herren,

som ønskjer fred for sin tenar.»

28 Mi tunge skal forkynna di rettferd

og lovprisa deg heile dagen.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.