Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Salmane

4 

1 Til korleiaren. Med strengespel. Ein salme av David.


2 Svar meg når eg ropar,

du min rettferds Gud!

Du viser meg ein veg ut av nauda.

Ver meg nådig og høyr mi bøn!


3 De menneske, kor lenge

skal mi ære krenkjast?

Kor lenge skal de elska det som er tomt

og jaga etter løgn? Sela


4 Vit at Herren gjer under

for den som er trufast mot han.

Herren høyrer når eg ropar til han.


5 Skjelv for han og synd ikkje meir.

Sei til dykk sjølve når de går til ro: «Ver stille!» Sela

6 Ber fram rette offer

og set dykkar lit til Herren!


7 Mange seier:

Kven kan gje oss lukke?

Lat lyset frå ditt andlet

skina over oss, Herre!

8 Du gjev meg større glede i hjartet

enn andre får av mengder med korn og vin.


9 I fred vil eg leggja meg ned og sova.

For du, Herre, berre du

lèt meg kvila trygt.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.