Gi hjerteStøtt nettbibelen
Gå til forsiden

Salmane

43 

1 Gud, hjelp meg til min rett.

Før mi sak mot trulause folk!

Fri meg frå menneske

som fer med svik og vondskap!


2 For du er mitt vern, Gud.

Kvifor har du støytt meg bort?

Kvifor må eg gå og sørgja

medan fienden plagar meg?


3 Send ditt lys og di sanning,

lat dei leia meg

og føra meg til ditt heilage fjell,

til dine bustader.

4 Så kan eg gå til Guds altar,

til Gud, mi glede og min jubel,

og syngja din pris til lyra, Gud, min Gud.


5 Kvifor er du sorgtyngd, mi sjel,

kvifor er du uroleg?

Eg vil venta på Gud!

Endå ein gong skal eg prisa han,

min frelsar og min Gud.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.