Gå til forsiden

Salmane

54 

1 Til korleiaren. Med strengespel. Ein læresalme. Av David, 2 då mennene frå Sif kom og sa til Saul: «David held seg løynd hos oss.»


3 Gud, frels meg ved ditt namn,

skaff meg rett ved di kraft!

4 Gud, høyr mi bøn,

vend øyret til mine ord!

5 Framande har reist seg mot meg,

valdsmenn står meg etter livet.

Dei bryr seg ikkje om Gud. Sela


6 Men Gud er den som hjelper meg,

Herren held meg i live.

7 Vend det vonde mot mine fiendar.

Gjer ende på dei i din truskap!


8 Villig skal eg ofra til deg

og prisa namnet ditt, Herre,

for det er godt.

9  Herren har fria meg ut av all naud,

så eg kan sjå ned på mine fiendar.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.