Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Salmane

56 

1 Til korleiaren. Etter «Dua i terebintene langt borte». Ein miktam. Av David, då filistrane greip han i Gat.


2 Ver meg nådig, Gud! Folk jagar meg,

stridsmenn trengjer seg på meg heile dagen.

3 Fiendar jagar meg dagen lang,

frå si høgd går dei til åtak, dei er mange.


4 Når eg er redd, stolar eg på deg.

5 Eg stolar på Gud, eg prisar hans ord.

Eg stolar på Gud, eg er ikkje redd.

Kva kan vel menneske gjera meg?


6 Dei vrir på orda mine dagen lang,

dei tenkjer berre på å skada meg.

7 Dei slår seg saman og ligg på lur,

dei vaktar mine steg,

ventar berre på å ta mitt liv.

8 Skal dei sleppa unna med sin urett?

Støyt folkeslag ned i din vreide, Gud!


9 Du har talt mine heimlause steg,

mine tårer har du samla i di lêrflaske.

Står det ikkje i di bok?

10 Difor må fienden dra seg tilbake

den dagen eg ropar.

Det veit eg, at Gud er med meg.


11 Eg stolar på Gud, eg prisar ordet,

eg lit på Herren, eg prisar ordet.

12 Eg stolar på Gud, eg er ikkje redd.

Kva kan eit menneske gjera meg?


13 Eg vil halda mine lovnader til deg, Gud,

difor kjem eg med lovsongsoffer til deg.

14 For du har berga mitt liv frå døden

og foten frå å snubla,

så eg kan ferdast for Guds andlet i livsens lys.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.