Gå til forsiden

Salmane

57 

1 Til korleiaren. «Øydelegg ikkje!» Ein miktam. Av David, då han rømde for Saul og gøymde seg i hòla.


2 Ver meg nådig, Gud, ver meg nådig!

For eg søkjer tilflukt hos deg.

I skuggen av dine venger

søkjer eg ly til faren er over.


3 Eg ropar til Gud, Den høgste,

til Gud som gjer vel mot meg.

4 Han skal senda meg hjelp frå himmelen,

håna dei som jagar meg Sela

og gje meg si miskunn og sin truskap.


5 Sjølv ligg eg midt mellom løver

som vil sluka menneske.

Tennene deira er spyd og piler,

tunga er eit kvast sverd.

6 Vis deg høg over himmelen, Gud,

vis din herlegdom over all jorda!


7 Dei la ut eit nett for mine føter,

dei pressa meg ned.

Dei grov ei fallgrav for meg,

men sjølve fall dei ned i grava. Sela


8 Mitt hjarte er roleg, Gud,

roleg og trygt.

Eg vil syngja og spela.

9 Vakna, mi ære,

vakna, harpe og lyre!

Eg vil vekkja morgonròden.


10 Eg vil takka deg mellom folka, Herre,

lovsyngja deg mellom folkeslag.

11 For di miskunn når til himmelen,

din truskap til skyene.

12 Vis deg høg over himmelen, Gud,

vis din herlegdom over all jorda!

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.