Gå til forsiden

Salmane

75 

1 Til korleiaren. «Øydelegg ikkje!» Ein salme av Asaf. Ein song.


2 Gud, vi prisar og takkar deg.

Vi kallar på ditt namn

og fortel om dine underfulle verk.


3 «Eg har fastsett ei tid

då eg skal halda rettferdig dom.

4 Jorda og alle som bur der, kan vakla,

men eg har gjort hennar søyler faste.» Sela


5 Eg sa til dei som skryter: «Skryt ikkje!»

og til dei urettferdige: «Kneis ikkje med horna!

6 Lyft ikkje horna mot det høge,

gjer ikkje nakken bratt og talen frekk!»


7 For i aust og i vest og i ørkenen

er det er ingen som kan reisa opp.

8 Men det er Gud som dømmer.

Éin bøyer han ned, og éin reiser han opp.


9  Herren har eit beger i handa

med skummande, krydra vin.

Han skjenkjer i av vinen,

og alle urettferdige på jorda må drikka,

jamvel botnfallet må dei tømma.


10 Eg vil alltid fortelja om dette,

spela og syngja for Jakobs Gud.

11 «Eg høgg av kvart horn på dei lovlause,

men dei rettferdiges horn skal få kneisa.»

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.