Gi hjerteStøtt nettbibelen
Gå til forsiden

Salmane

82 

1 Ein salme av Asaf.


Gud står fram i gudars forsamling,

midt mellom gudar held han dom:


2 Kor lenge vil de dømma med urett

og halda med dei skuldige? Sela

3 Hjelp svake og farlause til deira rett,

frikjenn hjelpelause og fattigfolk,

4 berg fattige og svake,

fri dei frå handa til dei lovlause!


5 Dei veit ingenting, skjønar ingenting,

dei ferdast i mørker,

alle grunnvollar under jorda vaklar.

6 Eg har sagt: «De er gudar,

søner av Den høgste er de alle.

7 Men de skal døy slik eit menneske døyr,

og falla slik ein av fyrstane fell.»


8 Reis deg, Gud, hald dom over jorda,

for alle folkeslag er din eigedom.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.