Gå til forsiden

Salmane

83 

1 Ein song. Ein salme av Asaf.


2 Gud, hald deg ikkje i ro,

ver ikkje still og tagal, Gud!

3 Fiendane dine buldrar!

Dei som hatar deg, lyfter hovudet.

4 Dei legg listige planar mot ditt folk,

dei held samråd mot dei du vernar.

5 Dei seier: «Kom, lat oss sletta dei ut som folk,

så Israels namn ikkje blir hugsa meir!»


6 Dei held råd og blir samde,

dei lagar ei pakt mot deg,

7 Edoms telt og ismaelittane,

Moab og hagrittane,

8 Gebal, Ammon og Amalek,

Filistarland og dei som bur i Tyros,

9 jamvel Assur sluttar seg til dei

og er ein sterk arm for Lots søner. Sela


10 Gjer med dei som med Midjan,

som med Sisera og Jabin ved Kisjon-bekken.

11 Dei vart utrydda ved En-Dor,

vart til gjødsel på marka.

12 Lat fyrstane deira bli som Oreb og Seeb,

alle hovdingane som Sebah og Salmunna!

13 For dei sa: «Vi vil ta Guds beitemarker i eige.»


14 Min Gud, lat dei bli som tisteldun,

som halmstrå for vinden!

15 Som elden brenner opp ein skog

og logane set fjell i brann,

16 slik må du jaga dei med din storm

og skremma dei med dine stormkast.


17 Fyll andletet deira med skam

så dei spør etter ditt namn, Herre.

18 Lat dei bli slegne av skam og skrekk for alltid,

lat dei bli vanæra og gå til grunne!

19 Måtte dei skjøna at ditt namn er Herren,

einast du er Den høgste over all jorda.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.