Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Salmane

9 

1 Til korleiaren. Etter «Mut labbén». Ein salme av David.


2 Eg vil takka deg, Herre, av heile mitt hjarte.

Eg vil fortelja om alle dine under.

3 Eg vil gleda og fryda meg i deg.

Eg vil lovsyngja ditt namn, du Høgste.


4 Når mine fiendar dreg seg attende,

snublar dei og går til grunne framfor deg.

5 For du har gjeve meg rett i mi sak,

du har sett deg på trona, du rettferdige dommar.

6 Du truga folka og utsletta dei lovlause,

du strauk namnet deira ut for evig.

7 Fienden er borte, lagd i ruinar for alltid,

byar har du rive opp med rot;

minnet om dei er ikkje meir.


8 Men Herren tronar til evig tid,

til dom har han reist si trone.

9 Han dømmer verda med rettferd,

feller rettferdig dom over folka.


10  Herren er eit vern for dei undertrykte,

eit vern når dei er i naud.

11 Dei som kjenner ditt namn, set si lit til deg.

Herre, du forlèt ikkje dei som søkjer deg.


12 Syng for Herren, han som bur på Sion,

fortel om hans gjerningar mellom folka!

13 Han som straffar drap, gløymer ikkje;

han hugsar dei hjelpelauses skrik.


14 Ver meg nådig, Herre!

Sjå kor uvenene mine plagar meg.

Du fører meg opp frå dødens portar

15 så eg kan lovprisa deg i Sions portar.

Eg vil jubla over di frelse!


16 Folka fell i den grava dei grov,

føtene blir fanga i garnet dei sjølve spente ut.

17  Herren gjev seg til kjenne, han kjem med rettferd.

I sine eigne gjerningar blir den lovlause fanga. Higgajon. Sela

18 Dei lovlause skal fara til dødsriket,

alle folkeslag som gløymer Gud.

19 Den fattige blir ikkje gløymd for alltid,

dei hjelpelause er ikkje for alle tider utan von.


20 Reis deg, Herre!

Lat ikkje menneske få makta,

lat folka få sin dom for ditt andlet.

21 Fyll dei med redsle, Herre!

Lat folka skjøna at dei berre er menneske. Sela

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.