Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Salmane

94 

1  Herre, du er ein Gud som tek hemn.

Stig fram i stråleglans, hemnens Gud!

2 Reis deg, du som dømmer jorda,

lat dei hovmodige få det dei fortener!


3 Kor lenge, Herre?

Kor lenge skal dei urettferdige jubla?

4 Dei talar ein straum av frekke ord,

alle som gjer urett, skryter.


5 Dei knuser folket ditt, Herre,

og kuar din eigedom.

6 Enkjer og innflyttarar drep dei,

og farlause myrdar dei.


7 Dei seier: « Herren ser det ikkje,

Jakobs Gud merkar det ikkje.»

8 De uforstandige i folket, merk dykk dette!

Dårar, når skal de forstå?


9 Høyrer ikkje han som planta øyret,

ser ikkje han som forma auget?

10 Refsar ikkje han som tuktar folka,

han som gjev menneska kunnskap?

11  Herren kjenner tankane til menneska,

han veit at dei er tomme.


12 Sæl er den du tuktar, Herre,

den du underviser i di lov.

13 Du vil gje han ro utan vonde dagar

til grava er graven for den lovlause.


14  Herren støyter ikkje frå seg sitt folk

og forlèt ikkje sin eigedom.

15 Retten skal igjen bli rettferdig,

og alle ærlege av hjartet skal leva etter den.


16 Kven står opp for meg mot valdsmenn,

kven stig fram for meg mot dei som gjer urett?

17 Om ikkje Herren var min hjelpar,

budde eg snart i det stille landet.


18 Om eg må seia: «Foten min er ustø»,

så held di miskunn meg oppe, Herre.

19 Når mitt indre er fullt av urolege tankar,

har mi sjel glede av di trøyst.


20 Kan vondskaps trone vera din ven,

ho som gjer urett til lov?

21 Dei slår seg saman mot den rettferdige

og dømmer den skuldlause.


22 Men Herren vart mitt vern,

min Gud vart fjellet der eg søkjer tilflukt.

23 Han lét uretten deira ramma dei sjølve

og gjorde ende på dei i deira vondskap.

Herren vår Gud gjorde ende på dei.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.