Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Johannes' openberring

Guds trone og Lammet

Op Kap. 4–54

Tilbeding i himmelen

1 Deretter såg eg, og sjå! – ei dør var opna i himmelen. Og den røysta eg før hadde høyrt tala med klang som ein basun, sa til meg: «Stig hit opp, så skal eg syna deg det som heretter skal henda.»

2 I det same kom Anden over meg. Og sjå, i himmelen stod det ei trone, og det sat ein på trona. 3 Han som sat der, såg ut som jaspis og karneol, og omkring trona var det ein regnboge; han var som smaragd. 4 I ein ring omkring trona såg eg tjuefire andre troner, og på dei sat tjuefire eldste, kledde i kvite klede, med sigerskransar av gull på hovudet. 5 Frå trona gjekk det ut lyn og drønn og torebrak, og framfor trona brann det sju faklar, det er dei sju Guds ånder. 6 Framfor trona var det som eit glashav, likt krystall.

Og i midten, rundt trona, var det fire skapningar. Dei hadde fullt av auge framme og bak. 7 Den første skapningen var lik ei løve, den andre var lik ein okse, den tredje hadde andlet som eit menneske, og den fjerde var lik ei flygande ørn. 8 Kvar av dei fire skapningane hadde seks venger, og overalt hadde dei fullt av auge, også under vengene. Natt og dag ropar dei, utan stans:

Heilag, heilag, heilag

er Herren Gud, Den allmektige,

han som var og som er og som kjem.

9 Kvar gong dei fire skapningane prisar og hyllar og takkar han som sit på trona, han som lever i all æve, 10 fell dei tjuefire eldste ned for han som sit på trona, og dei tilbed han som lever i all æve. Dei kastar sigerskransane sine ned framfor trona og ropar:

11 Verdig er du, vår Herre og Gud,

til å få pris og ære og makt.

For du har skapt alt;

ved din vilje vart alt til, skapt av deg.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.