Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Johannes' openberring

8

Det sjuande seglet

1 Då Lammet braut det sjuande seglet, vart det stilt i himmelen om lag ein halv time.

Dei sju basunane

Op 8,2–11,19

Røykjelse og eld

2 Og eg såg dei sju englane som står for Guds andlet, og det vart gjeve dei sju basunar. 3 Ein annan engel, som hadde eit røykjelsesfat av gull, kom og stod ved altaret. Og det vart gjeve han ei mengd med røykjelse som han skulle leggja saman med bønene frå alle dei heilage på gullaltaret framfor trona. 4 Og frå engelens hand steig det opp for Guds andlet ei sky av røykjelse saman med bønene frå dei heilage. 5 Så tok engelen røykjelsesfatet, fylte det med eld frå altaret og kasta elden på jorda. Og det kom torebrak og drønn, lyn og jordskjelv.

6 Dei sju englane med dei sju basunane gjorde seg no klare til å blåsa.

Dei fire første basunane

7 Den første engelen bles i basunen. Då kom det hagl og eld, blanda med blod, og det vart kasta ned på jorda. Tredjedelen av jorda gjekk opp i logar, og tredjedelen av trea brann opp saman med alt det grøne graset.

8 Den andre engelen bles i basunen. Då var det som eit stort, brennande fjell vart kasta i havet. Tredjedelen av havet vart til blod, 9 og tredjedelen av alle skapningane i havet døydde, og tredjedelen av skipa gjekk under.

10 Den tredje engelen bles i basunen. Då fall ei stor stjerne frå himmelen, logande som ein fakkel, og ho fall på tredjedelen av elvane og på vasskjeldene. 11 Namnet på stjerna er Malurt. Tredjedelen av vatnet vart til malurt, og mange menneske døydde av vatnet fordi det hadde vorte giftig.

12 Den fjerde engelen bles i basunen. Då vart tredjedelen av sola og tredjedelen av månen og tredjedelen av stjernene ramma, så tredjedelen av dei vart mørk, dagen mista tredjedelen av lyset sitt, og natta like eins.

13 Og eg såg ei ørn flygande høgt oppe under himmelkvelven, og eg høyrde henne ropa med høg røyst: «Ve! Ve! Ve over dei som bur på jorda når dei tre siste englane lèt basunane sine lyda!»

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.