Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Rut

2

Rut møter Boas

1 Noomi hadde ein slektning på sida til mannen hennar, ein mektig og velståande mann av Elimeleks slekt. Han heitte Boas. 2 Ein dag sa Rut, moabittkvinna, til Noomi: «Lat meg gå ut på åkeren og sanka kornaks etter ein som vil visa meg velvilje.» Ho svara: «Gå du, dotter mi!» 3 Så gjekk ho ut på åkeren og sanka aks etter skurdfolket. Og det trefte seg slik at åkerstykket ho sanka på, høyrde Boas av Elimelek-slekta til. 4 Boas var nett komen frå Betlehem. Han sa til skurdfolket: « Herren vere med dykk!» Dei svara han: « Herren velsigne deg!»

5 Boas spurde oppsynsmannen over skurdfolket: «Kven høyrer denne unge kvinna til?» 6 Oppsynsmannen svara: «Det er den unge moabittkvinna som kom tilbake med Noomi frå Moab. 7 Ho bad: Lat meg få plukka og sanka aks mellom kornbanda etter skurdfolket! Ho kom i dag tidleg og har stått her heilt til no. Berre ei lita stund har ho vore inne og kvilt seg.»

8 Då sa Boas til Rut: «Høyr, dotter mi! Sank ikkje aks på nokon annan åker. Gå ikkje herifrå, men hald deg til mine tenestejenter. 9 Sjå kvar på åkeren skurdfolka arbeider, og følg etter dei! Eg vil byda karane at dei ikkje får røra deg. Blir du tørst, så gå bort til krukkene og drikk av det som tenestefolket auser opp.» 10 Då kasta ho seg ned med andletet mot jorda og sa til han: «Kvifor ser du på meg med velvilje og tek imot meg, endå eg er ein framand?» 11 Boas svara henne: «Dei fortalde meg meir enn éin gong om alt du gjorde for svigermor di etter at mannen din døydde. Du forlét far din og mor di og fedrelandet ditt og drog til eit folk du ikkje kjende frå før. 12  Herren skal løna deg for det du har gjort! Måtte du få fullt vederlag frå Herren, Israels Gud, no når du er komen for å søkja ly under hans venger.» 13 Ho sa: «Måtte du framleis sjå på meg med velvilje, herre, for du har trøysta meg og snakka venleg til tenestekvinna di, endå eg ikkje eingong er som ei av kvinnene i tenesta di.»

14 Då tida var komen for å eta, sa Boas til henne: «Kom hit og et av brødet, og dypp stykket ditt i vineddiken!» Så sette ho seg ved sida av skurdfolket, og Boas gav henne rista korn. Ho åt og vart mett og hadde endå noko att. 15 Då ho reiste seg for å sanka, gav Boas denne beskjeden til tenestefolka: «Også mellom kornbanda kan ho sanka. Plag henne ikkje! 16 Ja, de kan dra aks ut or kornbanda og la dei liggja att, så ho kan plukka dei opp. Ingen må truga henne.»

17 Så sanka Rut aks på åkeren heilt til kvelden. Då ho banka kornet ut or aksa, vart det om lag ein efa bygg. 18 Ho bar det med seg inn til byen, og svigermor hennar fekk sjå det ho hadde sanka. Så tok Rut fram det ho hadde til overs etter at ho hadde ete seg mett, og gav henne det. 19 Då sa svigermor hennar: «Kvar har du sanka i dag, og kvar har du arbeidd? Velsigna er han som har vilja kjennast ved deg!» Så fortalde ho svigermora kven ho hadde arbeidd hos. Ho sa: «Den mannen eg arbeidde hos i dag, heiter Boas.» 20 Då sa Noomi til svigerdottera: «Han skal vera velsigna av Herren, som ikkje har halde opp med å visa miskunn, verken mot dei levande eller dei døde!» Og Noomi la til: «Den mannen er i slekt med oss. Han er ein av løysingsmennene våre.» 21 Då sa Rut, moabittkvinna: «Han sa òg til meg: Hald deg til mine folk heilt til dei er ferdige med heile mi skurdonn.» 22 Då sa Noomi til Rut, svigerdotter si: «Det er godt, dotter mi, at du går saman med tenestejentene hans, så du slepp å lida vondt på annan manns åker.»

23 Så heldt ho lag med tenestejentene til Boas og sanka aks til bygghausten og kveitehausten var over. Og ho vart buande hos svigermor si.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.